Vadheim Elektrochemiske Fabrikker

Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved sida av British Aluminium Company (BACO)sitt aluminiumsverk i Stongfjorden i Sunnfjord, var Vadheim Electrochemiske Fabrikker den første kraftkrevjande industrien i Sogn og Fjordane då den starta i 1907.

Skotte starta opp

Det var skotten Edgar Allan Ashcroft som bygde og dreiv fabrikken dei første åra. Han kom første gong til Vadheim som turist i 1900. I 1906 sikra han seg fallrettane i Dyrneslivassdraget saman med dansken J. Jørgensen, som dreiv ein liten shoddyfabrikk ved elva. Alt i 1894 hadde Jørgensen kjøpt fallrettar og bygd eit lite kraftverk for å skaffe lys til fabrikken sin. Nest etter Truls Vassenden i Loen i 1893 (sjå Kraftforsyninga - frå pionértid til vern), var dette første elektrisitetsproduksjonen i Sogn og Fjordane.

Frå bygginga av fabrikken i Vadheim. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Ekehaug/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå bygginga av fabrikken i Vadheim. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Ekehaug/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Store planar

Edgar Ashcroft tenkte stort: Han ville byggje eit digert kraftverk og natriumfabrikk. Han knytte til seg den norske elektrokjemikaren Ivar Juel Moltke Hansen, som hadde utdanna seg i Berlin. Han vart teknisk leiar i Vadheim. Ein annan spesialist skulle ta seg av prøvekøyring og opplæring av arbeidararne. Ashcroft satsa først på finansiering i England, men då det slo feil, skaffa han midlar frå investorar i Oslo og Bergen. Desse kom med i det første styret. I 1907 kom fabrikken i gang, og hadde dei første åra 60 tilsette. Det meste av utstyret til kraftverk og natriumfabrikk var norskprodusert.

Den tidlegare direktørvillaen i Vadheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare direktørvillaen i Vadheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Colonial style

Dei første åra vart fabrikken leia av ein norsk/engelsk fabrikkstyrar. Han hadde arbeidd m.a. i den britiske kolonien India, og bygde i 1909 ein murvilla i Vadheim i typisk engelsk «colonial style». Huset går på folkemunne under namnet "Casa Blanca" og er restaurert og teke godt vare på. Ashcroft budde sjølv i Balestrand, som fram til 1. verdskrig var «sosietetsstaden» framfor nokon i fylket. Han reiste til og frå Vadheim med eigen dampbåt når han var i Sogn for å sjå til fabrikken.

Fagforening i 1908

I 1908, eitt år etter at fabrikken starta, organiserte arbeidarane seg i Vadheims Arbeidsmandsforening. Dette er ei av dei eldste fagforeningane i Sogn og Fjordane. Berre i Florø finn vi ei eldre fagforening.

Frå produksjonen, truleg på 1930-talet. Eigar av foto: Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Frå produksjonen, truleg på 1930-talet. Eigar av foto: Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Fabrikken vart ein pengemaskin

Særleg i «jobbetida kring» første verdskrig var Vadheimsfabrikken ein pengemaskin: I 1915 vart det betalt ut 15 prosent og i 1916 heile 20 prosent utbyte til aksjonærane! I 1915 var arbeidsstyrken oppe i 85 personar. I 1920 kjøpte A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker fjellgarden Røyrvik for 10.000 kroner. Det er frå dette området at vassdraget i Dyrneslia kjem frå.

Fabrikken i 1935. Eigar av foto: Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Fabrikken i 1935. Eigar av foto: Vadheim Elektrochemiske Fabriker.

Over til natriumklorat

Fram til 1934 produserte Vadheim Electrochemiske Fabrikker natrium. Men marknaden var utstabil, og fabrikken var stengd i lange periodar i dei vanskelege kriseåra kring 1930. I 1934 gjekk ein difor over til å produsere natriumklorat, som vert brukt som bleikemiddel i treforedlingsindustrien. Før det vart forbode, var natriumklorat også eitt av dei mest effektive ugrasmidla i landbruket.

Fare for nedlegging

I 2001 hadde A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker kring 25 tilsette, men etter at fabrikken i 2006 miste ein stor kontrakt med den viktigaste kjøparen Sødra Cell (tidlegare Tofte Cellulose) har folk i Vadheim vore redde for at eigarane kunne kome til å leggje ned fabrikken og i staden selje krafta med ein årsproduksjon på 45 GWh frå kraftverket i Vadheim. Hovudeigar i A/S Vadheim Elektrochemiske Fabriker er folk frå skipsreiarfamilien Horn i Bergen.

Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vadheim Elektrochemiske Fabriker i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om: