| | |
| Fakta om Vågsøy | |
|---|---|
| Areal: 166 km² | |
| Folketal: 6030 (1.1. 2011). | |
| Høgste fjell: Sunnivahornet 689 m.o.h. | |
| Ordførar: Morten Andreas Hagen, Høgre. | |
| Tettstader: Måløy – ca. 4000 innb, kommunesenter, by frå 1997. Raudeberg, Bryggja. | |
Vågsøy er den største fiskerikommunen i Sogn og Fjordane, og byen Måløy opplevde ein eventyrleg vekst i dei store sildeåra på 1950-talet då folketalet vart dobla på få år. Men det einsidige næringslivet gjer at kommunen dei siste åra har slite med fråflytting.
Måløyraidet jula 1941 var eitt av dei største slaga på norsk jord under 2. verdskrig, og sjefen for Linge-kompaniet har fått bauta i Måløy. Innbyggjarane finansierte sjølve Måløybrua som stod klar til bruk i 1974 og vart opna av Kong Olav V.
I aust ligg heimbygda til skodespelar og meisterspelemann Alfred Maurstad. Her finn du elles historiene om då Måløy planla bytrikk og eigen jernbanestasjon, om bondesønene som bygde opp Måløy til eitt av landets viktigaste fiskevær for 100 år sidan, og om konkursbuet som vart eitt av dei største fiskerikonserna i landet.
Utsyn mot Måløy frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.