Utvik kyrkje

Utvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik kyrkje vart bygd i 1840. Arkitekt var Hans Ditlev Frank Lindstow, den same som teikna Nedstryn kyrkje. Altartavla er frå 1617 og har same stil som preikestolen i kyrkja. Både preikestol og tavle er truleg laga av same handverkar. Ei tidlegare altartavle, måla i 1902 av Anders Orheim er hengd opp på veggen i sjølve kyrkjeskipet.

To altarlysestakar med tysk innskrift er frå 1600-talet. Det er også teke vare på eit sølvstaup og ein altardisk frå 1600-talet. Dei to kyrkjeklokkene er frå mellomalderen. Ein halsring datert 1671 frå gapestokken som stod utanfor den gamle kyrkja, er teken vare på i kyrkja.

Stavkyrkje i Utvik

I Utvik har det vore kyrkjer sidan 1200-talet. Dei første kjeldene om ei kyrkje er frå 1306. Kring 1617 vart det bygt ei ny krosskyrkje i Utvik. Denne hadde våpenhus, kor og eit tårn som var sett opp rett over kyrkjeskipet. På utsida var den tjørebreidd. Denne kyrkja stod til dagens kyrkje vart bygd i 1840.

Tiendebua i Utvik

Like ved kyrkja i Utvik stod det fram til midten av 1990-talet ei såkalla tiendebu der folk i soknet skulle betale den årlege tienda til dei som eigde kyrkja. Bua vart sett opp i 1719, men tømmeret vart teke ned og lagra i samband med ei sentrumsregulering på 1990-talet. Tanken er å få sett opp att bua.

- Les elles om den spesielle Øvresetkyrkja i Breim under Gloppen kommune.

Utvik sentrum med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik sentrum med kyrkja. Foto: Ottar Starheim, NRK.