Utvær - kyrkjestad, fiskevær og losstasjon

Utvær. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK

Utvær. Foto: Merete Høidal Husmo, NRK

Utvær ligg omlag 8 kilometer vest for dei ytste større øyane i Sula, og er den vestlegaste øygruppa i Noreg med fast busetnad.

I middelalderen låg det eit lite kapell på øyane, vigd til St. Clemens, sjøfarande sin skytshelgen. Ved kyrkja var det ein liten gravplass. Tidleg på 1600-talet hadde bergensborgaren Michel Jacobsen tilsynet med kongen sine eigedomar i Utvær skipreide, og dreiv også krambu og fiskehandel.

I 1790 vert det nemnt at Nicolaysen har starta handel på Utvær, og det vart registrert «60 rykande piper». Ved sida av fiske, var det mange på Utvær som livnærte seg som losar.

Midt i smørauget

Fiskeværet Utvær låg midt i smørauget for dei rike sildefiska på 1800-talet, og på det meste budde mellom 200 og 300 menneske i det vesle øysamfunnet.

Avfolka

Omlegging av fiskeria gjorde etter kvart Utvær til ein einbølt plass. Folket flytta, og i 1958 budde berre to familiar att. Rundt 1970 var det ikkje att fastbuande på Utvær. I 2001 flytta Jon Arvid heimatt til Utvær frå Bergen, og han budde der i fire år. No er det ingen som bur på Utvær om vinteren. Men om sommaren fyller feriefolk husa, og det er liv og røre som i gamle dagar.

Les meir under:

Det tidlegare så livskraftige fiskeværet er folketomt det meste av året. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det tidlegare så livskraftige fiskeværet er folketomt det meste av året. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.