Bjørnen herja stygt i husdyrflokkane på 1800-talet.
Dei aude fjellviddene mellom Hyen, Gloppen og Naustdal har all tid vore rike på vilt.
På slutten av 1850-talet gjorde bønder i Gjengedal i Hyen eit mislukka forsøk på tamreindrift. Men reindrifta gjorde at rovdyrbestanden i fjellområdet auka sterkt, og bjørn herja stygt i husdyrflokkane.
I 1890-åra vart det felt ein slagbjørn i Endestad-marka. Bjørnen hadde gøymt seg i eit hi, men vart røykt ut. Første skotet såra bjørnen, som gjekk til åtak på næraste mann.
Til slutt lukkast det å få inn eit drepande skot. Daniel Fimland (1871–1968) skaut den siste bjørnen i Naustdal ca. 1900.
Siste ulven
Ola Andersson som var husmann under garden Tingnes i Vevring, skal i fylgje bygdeboka vere den siste som skaut ulv i den delen av kommunen. Ola levde mellom 1751 og 1811. Ulven vart oppdaga ei månelys natt. Ola treiv børsa og sprang etter ulven berre i undertøyet. Han fylgde etter dyret heilt inn til gryta før han fekk skot på ulven og såra han. Dyret vart seinare funne daudt i fjella ved Redalen.
Tente gode pengar på jakt
Ingvald A. Herstad (1825-1900) frå Herstad var kjend som ein svært ivrig fangstmann. I Skoraurane hadde han set opp ei mengd murte steinfeller der han fanga rev og mår. Det vert fortalt at det var ingen der i grenda som hadde så mykje pengar mellom hendene som Ingvald etter at han hadde vore til Bergen om vårane og selt pelsskinna.
Les også om: Den utrulege Naustdals-ulven