Tre alpinanlegg

Stryn sommarski

Stryn sommarski

Stryn kommune har satsa meir enn mange kommunar på idrettsanlegg: I 1963 bygde utvikarane saman med breimingar alpintrekk på Utvik-fjellet. I 1982 kom Stryn Skisenter ved Stryn sentrum (selskapet skipa 1972). I 1972 opna Stryn Sommarskisenter på Tystigen på Strynefjellet. Anlegget har hatt stolheis frå 1986.

I 1990 fekk ei Oslo-jente skadar etter at ho fall ned i ein bresprekk. Ho skulda Stryn Sommarski AS for dårleg sikring og gjekk til sak, og vart av Høgsterett tilkjent 1,6 millionar kroner i erstatning. Skisenteret hadde ikkje råd til å betale, og slo seg sjølv konkurs i januar 2002. Anlegget på Tystigen vert drive vidare av lokale interessentar.

På Strynefjellet hadde det heilt sidan 1971 vore alpinsamlingar, der ein brukte eit enklare tautrekk før det store anlegget kom.