Florø var tollstad frå 1862 til 2004. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Den første tollstasjonen i Sogn og Fjordane vart skipa i Florø i 1862 - to år etter at Florø hadde fått status som ladested.
Florø Tollsted sorterte administrativt under tollkontoret i Bergen, og Florøkontoret hadde ansvaret for tolltenesta frå og med ytste pynten på Stad i nord til og med Solund i sør.
Tollstad i Måløy
I 1960 vart Måløy utskilt som eigen tollstad, med ansvar for tollteneste frå og med Bremanger i sør og resten av Nordfjord. Ei tid var det eigne tolltenestemenn stasjonert i Årdal og Svelgen, men desse lokale ordningane vart avvikla etter nokre år.
Lagt ned i 2004
I 2004 var Florø tollstad lagt ned. Siste styrar av tollstaden var Merete Stadheim som gjekk over i stilling som flyplassjef for lufthamnane i Florø og på Bringeland.