Todørshellaren - ein motstandsbase

I dei siste månadane av 2. verdskrig vart ein berghellar på austsida av Hyefjorden, kalla Todørshellaren, tidvis nytta som base og møteplass for Milorg-folk.

I hellaren var det plass for overnatting, og inngangen var verna av to maskingevær. Leiinga for Milorggruppa «Snowflake», som låg i Ålfotfjella, nytta Todørshellaren som møteplass for å gje instruksjonar til motstandsfolk lengre inne i Nordfjord.