Tinghusa i Leikanger

Tinghus I. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tinghus I. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Like aust for kyrkja på Leikanger dominerer nokre store bygningar landskapet. Dette er dei såkalla tinghusa som Leikanger kommune i si tid bygde som utleigebygg for statsetatar og fylkesadministrasjon. I dag er alle desse etatane flytta til eigne bygg på Hermansverk.

Leikanger kommune kjøpte i 1938 ein del av sorenskrivargarden på Systrond og bygde det første av i alt tre «tinghus». Dette fekk seinare nemninga «Tinghus I» og vart teke i bruk i 1939. Her fekk både fylkesadministrasjonen og kommunekontora plass.

I 1954 bygde kommunen Tinghus II som vart utvida i 1967, og bygde Tinghus III (høgblokka) i 1963. Seinare vart også den gamle hovudbygninga på sorenskrivargarden like ved gjort om til kontor.

I 1980 flytta Statens Vegvesen frå tinghusa og til eige bygg i Askedalen på Hermansverk.

I 1989 flytta fylkeskommunen sin administrasjon over i nytt «Fylkeshus» på Hermansverk.

I 1992 flytta ein stor del av dei statlege kontora over i eit bygg som Statens sjølv bygde på Systrond, og i 2005 vart det nye Statens Hus på Hermansverk teke i bruk. Her held m.a. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til.

Kommunen nyttar no Tinghus I på Systrond som rådhus, medan det førebels er uvisst kva 3800 kvm kontorareal i Tinghus II og III skal nyttast til. Den gamle sorenskrivargarden er omgjort til barnehage.

Tinghus II (nærast) og Tinghus III. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tinghus II (nærast) og Tinghus III. Foto: Arild Nybø, NRK.