Tenestejenta som fraus ihjel

Respekten -eller rettare sagt skrekken - som tenestefolk ofte hadde for arbeidsgjevarane sine var stor i gamle dagar. I 1782 fekk dette eit tragisk utfall på Berge i Bygstad.

Ei ung jente som var i teneste hjå kaptein Antzee, vart sendt til fjells for å leite etter sauer, sjølv om ho då var sjuk og dårleg. Etter eit døgns mislukka leiting kom ho ned til ein gard bygda, forfrosen og våt. Ho fekk mat og varme klede og beskjed om å reise heim til garden på Berge. Men det er tydeleg et jenta ikkje torde å kome heim utan å ha funne sauene, for ho hadde reist til fjells att, og vart funnen ihjelfrosa på Bergestølen.