Tønneproduksjonen i Gaular

Tønnearbeidarar på Bjørvikstranda i 1916. Frå v. Ola R. Birkeland, Hans Bjørvik, Ludvik Bjørvik, Ola Birkeland, David Bjerke, Gabriel Bjørvik, Johannes Bjørvik, Øyvind Sagevik, Sevrin Bjørvik og Ola Bjørvik. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved sida av Eikefjorden (Tønnefabrikantane Hovland) og Dale (sjå " Historia i Fjaler"), vart Gaular eitt av dei viktigaste sentra for tønneproduksjon til det store vårsildfisket på Sunnfjordkysten på 1800-talet. På mest kvar einaste gard i kommunen vart det produsert tønner, og mange bygde større tønnefabrikkar med fleire tilsette.

Gamal bøkkertradisjon i Gaular

Men tønneproduksjonen i desse bygdene hadde lange tradisjonar attende - minst til 1700-talet. I 1753 fekk bøndene høve til å produsere tønner for sal. I 1753 fekk bøndene høve til å produsere tønner for sal. Tønneproduksjonen førte til sterk avvirking av fin fureskog, og både i Fjaler og Gaular vart det innført restriksjonar på skogshogsten. Ein annan grunn til restriksjonane på skogshogst i Sunnfjord på den tida, var at kopargruvene i Grimelid ved Stavfjorden hadde trong for store mengder ved til utbrenning av malmen frå gruvene. – Les meir om gruvedrifta og hogstrestriksjonane som fylgde under Askvoll kommune. Mangelen på trevirke i Sunnfjord gjorde at fleire tønnefabrikkar måtte kjøpe tønnestav frå Sogn, og enkelte var jamvel på "tønnestavhandel" heilt til Voss og i Ryfylke. På dei fleste gardar i Gaular kan ein framleis finne reiskapar som stammar frå bøkkertida.

Også på mange gardar vart det laga tønner. Her held Jens Kirkeli på med å lage botn i ei tønne. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Også på mange gardar vart det laga tønner. Her held Jens Kirkeli på med å lage botn i ei tønne. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Tønner var betalingsmiddel

Tønner vart i stor mon nytta som betalingsmiddel, som byte for varer, og vart kalla «trepengar». På 1860-talet vart det årleg produsert kring 20.000 tønner i Gaular. I gjennomsnitt greidde ein mann å produsere åtte tønner dagleg. Det var gode pengar å tene på tønneproduksjon, og enkelte pakta bort garden for å kunne ha bøkring som einaste leveveg. Desto større vart problema då silda brått svikta kring 1870.

Plassen måtte nyttast godt når tønnene skulle fraktast til sildesalteria. Kutteren Fjordgut frakta tønnene frå Bygstad til Dale, der dei vart lasta om bord i større skip. Foto: Ragnhild Tveit Halsnes. Eigar: Fylkesarkivet i sogn og Fjordane.

Fem tønnefabrikkar

Kring 1900 tok bøkringa seg opp att, og i 1909 er det registrert fem tønnefabrikkar. Tida under 1. verdskrig vart gullalderen, og i 1918 vart det registrert 13 tønnefabrikkar i kommunen: K & I. Berge, Johan Bjørvik, Arne Indrefjord, J.L. Njøsen, O.A. Lunde (sjå Gründeren O. A. Lunde), L.M. Nistad, H.A. Kvamme, Lars B. Kapstad, Aksel L. Kapstad, Peder B. Kapstad og Halvor Leirvik. Desse fabrikkane låg på Bjørvikstranda, kring fjorden i Bygstad oppover til Sygna. Bygstad var senter for tønneproduksjonen, og 12 føringsskuter kunne liggje i bygda samstundes og laste tønner.

Tønnefabrikken til Per Kårstad i Bygstad i 1940. Personane på biletet er frå v. Konrad Hjelmeland, Ludvik Kvamme, Dagmund Hestad, Lyder Åse og Rolf Kvamme. Foto: Hans O. Kårstad. © Fylkesarkivet.

Tønnefabrikken til Per Kårstad i Bygstad i 1940. Personane på biletet er frå v. Konrad Hjelmeland, Ludvik Kvamme, Dagmund Hestad, Lyder Åse og Rolf Kvamme. Foto: Hans O. Kårstad. © Fylkesarkivet.

I tillegg dreiv R. Grønhaug kjøp og vidaresal frå enkeltprodusentar. I denne tida var kring 100 personar sysselsette i tønneproduksjonen. Krigs- og jobbetida gjorde at det vart betalt opptil 12-13 kroner for i heiltønne. På den tida tilsvarte det eit par dagsløner, og greidde ein t.d. ved "heimeproduksjon" åtte tønner dagleg, vart det svært god forteneste.

I denne bygningen i Bygstad heldt Kapstad Tønnefabrikk til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen i Bygstad heldt Kapstad Tønnefabrikk til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krakk og avvikling

Etter 1. verdskrig kom krakket. Ein stor del av tønneverkstadane i Gaular vart lagde ned tidleg på 1920-talet. To av dei store, Johan Bjørvik og Peder B. Kapstad, reiste til Vestfold og byrja som gardbrukarar der i staden. Tønneproduksjonen tok seg opp att midt på 1930-talet, då det var seks fabrikkar i Bygstad. Tønnene gjekk mykje til sildefisket ved Island. Vintersildåra på 1950-talet vart nye, gode år. Då var mellom 50 og 60 personar sysselsette på fabrikkane til Per Kårstad, O.A. Lunde, K & I. Berge, Mads Kapstad, Georg Hestad og Ola Kapstad. Fleire av desse dreiv heilt fram på 1970-talet. I dag er all produksjon av tretønner lagd ned i Sogn og Fjordane.

Ei slik last ville neppe ha fått køyre mange meter på dagens vegar. Det er lastebilen til Eikeland som er lasta opp med tønner frå Gaular.

Ei slik last ville neppe ha fått køyre mange meter på dagens vegar. Det er lastebilen til Eikeland som er lasta opp med tønner frå Gaular.

Les også om: Tønnefabrikkane i Gaular.