Svein Lundevall

Svein Lundevall fødd 1944 i Oslo, oppvaksen i Leikanger og Førde, busett m.a. i Leikanger og Olden. Statsvitar og fylkesrådmann. Cand. polit. frå UiO i 1971. Har elles m.a. eitt års økonomistudium ved Universitet i Lund, Sverige, studiar i internasjonal administrasjon i Geneve 1968 og Statens Forvaltningshøgskule 1984.

Arbeidde frå 1971 til 1977 i Finansdepartementet, dei siste åra som byråsjef. Frå 1977 til 1997 fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. I studietida var han m.a. medlem i landsstyret i Norges Konservative Studentforbund og formann i Studentmållaget i Oslo 1968-1971. Medlem i styret for Noregs Ungdomslag 1976-1977.

I tida som fylkesrådmann gjorde Lundevall i samarbeid med Bjørn Tønnesen ved Høgskulen i SF opptaket til skiping av Vestlandsforsking i 1985 og var styreleiar der i fem år. Stod sentral i arbeidet med reorganisering av Kommunedata Vestlandet (KDV) i 1987, m.a. med skiping av avdeling på Leikanger med 25 tilsette.

Har elles m.a. vore medlem av Naturskadelovutvalet 1972-1974, styremedlem i Norsk Institutt for By- og Regionforsking (NIBR), medlem av Nordisk budsjettutval 1974-1977, leiar i fylkesrådmennene sitt arbeidsutval i KS 1986-1987 og medlem av utgreiingsgruppa i Samarbeidsrådet for Vestlandet og Sørlandet.

Han gav i 1999 ut boka «Framover, men...» (Skald Forlag) om Sogn og Fjordane fylkeskommune, med erindringar og analysar av tida som fylkesrådmann.

Lundevall vart vald til første leiar i den nyskipa Sogn og Fjordane parkinsonforening frå 2007.