Stryn



Fakta om Stryn
Areal: 1382 km².
Folketal: 7105 (1.1. 2013)
Høgste fjell: Lodalskåpa 2083 m.o.h.
Ordførar: Sven Flo, Høgre.
Tettstader: Stryn (kommunesenter med ca.3000 innb.), Loen, Olden, Innvik, Utvik.

Den vakre og storfelte naturen i indre Nordfjord har gjort Stryn kommune til ein av dei store turistkommunane i Noreg. Kommunen har hatt opptil 15 turisthotell med Hotel Alexandra i Loen som det største og mest kjende, og turistnæringa var utgangspunktet for både bygging av Strynefjellsvegen og skipinga av Nordfjord og Sunnmøre Billag.

Briksdalsbréen i Olden har vore eitt av dei mest vitja turistmåla i landet, og på Strynefjellet kan ein drive skiidrett heile sommaren

Men Stryn er også den nest største jordbrukskommunen i fylket og er den mest allsidige industrikommunen, med store fabrikkar for kjøtvarer, møblar, plastprodukt og bussar.

I 1905 og 1936 rasa det frå Ramnefjellet i Lodalen, 136 menneske omkom i Lodals-ulukkene. Les også den dramatiske historia om Meister-Jo, Hugleik Tungøen, og om Nordfjord-venen William Singer i Olden.

Ved Brengsetra i Lodalen er det idyllisk ein sommardag. Men til høgre kneisar den trugande profilen til Ramnefjellet, som la to livskraftige bygdelag i grus og tok livet av 136 menneske. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Brengsetra i Lodalen er det idyllisk ein sommardag. Men til høgre kneisar den trugande profilen til Ramnefjellet, som la to livskraftige bygdelag i grus og tok livet av 136 menneske. Foto: Ottar Starheim, NRK.