Striden om Gaularvassdraget

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


I 1993 vart det sju mil lange Gaularvassdraget varig verna. Kampen kring vern av Gaularvassdraget er ein av dei lengste og hardaste stridane om vassdragsvern i Noreg. Gaularvassdraget vert karakterisert som det lengste «låglandsvassdraget» i landet som er verna.

Gaularvassdraget strekkjer seg frå Dalsfjorden i vest til Jostedalsbreen i aust. I austenden av Viksdalsvatnet deler det seg i to elvar: Den sørlegaste er Eldalsvassdraget mot Gaularfjellet, og den andre går gjennom Råheimsdalen til Haukedalsvatnet og til kjeldene i høgfjellet under Grovabreen og Jostedalsbreen aust for Haukedalen.


Fallrettane i Gaula vert kjøpte

Dei største fallrettane i Gaularvassdraget vart kjøpte opp i 1905-1906 av ein mann frå Oslo for 300.000 kroner.

Gaulasamskipnaden

Gaulasamskipnaden - eller Gaula Interkommunale Kraftselskap - vart skipa i 1920, og sikra seg fallrettane i vassdraget for 400.000 kroner.

Planar for Ålfoten, Gaula og Lærdal

Fylket la storfelte planar, men nedgangstidene gjorde at korkje Gaula eller Lærdalselvi vart bygd ut.


Fylket tek over fallrettane

Gaulasamskipnaden var i realiteten konkurs og vart selt på tvangsauksjon i 1929. Sogn og Fjordane fylke fekk tilslaget.

Fleire småkraftverk langs vassdraget

I tida etter andre verdskrigen vart det bygt fleire småkraftverk i Gaularvassdraget.

Kampen for vern av Gaula

Motstandarane av kraftutbygging organiserte seg i Informasjonskomitéen for Gaularvassdraget i 1971.



Les og om Gaularvassdraget.