Stotaren på Årlid

På garden Årlid ved Viksdalsvatnet budde ein gong i tida ein stotar. Yrket vart også kalla stoderfoged, men er betre kjend som bygdevektar. Ordninga skriv seg frå 1500-talet, og varde heilt fram til slutten av 1800-talet.

Bygdevektaren, eller stotaren, var ein slags lensmannsdreng som hadde til oppgåve å halde tiggarar og rekarfant borte frå bygda. Oftast løyste stotaren oppgåva med å jage slike folk over i grannbygda - og slik vart fattigfolk hundsa rundt frå bygd til bygd.

Stotaren hadde ein spesiell stav med piggar på til hjelp i arbeidet med å skreme folk. I 1701 er det kjend at stotaren Ola Jonsson budde i Årlid.