Stor utflytting på 1700-talet

Liene rundt Jølstravatnet gav ikkje livberging til alle. Særleg på 1700-talet måtte mange flytte ut. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Liene rundt Jølstravatnet gav ikkje livberging til alle. Særleg på 1700-talet måtte mange flytte ut. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På 1700-talet var det uvanleg stor utflytting frå Jølster. I alt er det i dette hundreåret registrert 1400 utflytte, noko som tilsvarar ein tredjedel av alle fødde.

Det samla folketalet i kommunen var den gongen kring 1500. Det var størst utflytting kring 1740 og 1770, då halvparten av dei som vaks opp i Jølster flytta ut.

Mange jølstringar til Bergensområdet

Halvparten av dei som flytta ut på 1700-talet, slo seg ned i Bergen og Nordhordland. Berre i Årstad sokn hadde utflytte jølstringar fått hand om halvparten av gardsbruka på slutten av 1700-talet. Kring 200 jølstringar busette seg i Fana. Mange jølstringar busette seg også på Askøy. I den andre utflyttarbylgja kring 1770 busette mange jølstringar seg på Radøy.

Sildefisket lokka jølstringar

Ein annan stor kontingent jølstringar - vel ein tredel av dei som reiste - flytta til bygder langs Førdefjorden. Utflyttinga til dei meir kystnære områda av Sunnfjord vart særleg populær då det rike sildefisket slo til på sunnfjordkysten kring 1800, samstundes som det var økonomisk tilbakegang i og kring Bergen.

1000 til Amerika

Under den store utvandringa til Amerika på slutten av 1800-talet, var det kring 1000 jølstringar som emigrerte til USA og Canada.