Stadhalvøya - ei einaste stor festning

Stadlandet stikk som ein knyttneve ut i havet, og tyskarane utnytta den strategiske posisjonen ved å byggje ut store festningsanlegg. Dette biletet er teke frå Vågsøy. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Stadlandet stikk som ein knyttneve ut i havet, og tyskarane utnytta den strategiske posisjonen ved å byggje ut store festningsanlegg. Dette biletet er teke frå Vågsøy. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Under 2. verdskrig bygde tyskarane store kystfestningar på Hovden ved Ervik og i Eltvik på Stadlandet.

Fleire stader på halvøya vart det rigga opp støttepunkt, og minebelte med til saman 8.447 miner vart plassert ved Nolleneset like sør for Leikanger, i Borgundvåg, Borgund og Storeneset.

Det strategisk viktige Stadhavet var uvanleg godt befesta: På havstrekninga frå Vågsøy til Åram nord for Stad var det i alt 19 store luftvernkanonar med kaliber frå 40 til 105 mm, og 14 luftvernkanonar med kaliber 20 mmm. I tillegg kom to store radarstasjonar på Kråkenes og på Kjerringa. Dei tyske forta på Stadlandet var under heile krigen underlagt den tyske militær-kommandoen for Midt-Noreg.