Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: NRK
Sparebanken Sogn og Fjordane har idag sitt hovudsete i Førde. Bankbygget frå 1991 set sterkt preg på sentrum. Sparebanken Sogn og Fjordane har opphavet sitt i ein av dei eldste sparebankane i fylket:
Førde Sparebank
I 1842 vart Førde Sparebank skipa som den andre i Sogn og Fjordane. Sogndal hadde fått sin året før. Banken heldt dei første 50 åra til i Tingstova i Sjøahola - den same tingstova som i 1857 var møteplass då fylkestinget vedtok å skipe Fylkesbaatane. Ny bankbygning stod ferdig ved Kyrkjevegen i 1902. Den husa også kommuneadministrasjon og telefonstasjon.
Gamlebanken i Kyrkjevegen, bygd i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
I 1964 vart det gamle apoteket «Pontoppidan» ved Langebrua rive for å gje plass til nytt bankbygg, som i sin tur i 1990 vart rive for å gje plass til dagens bankbygg.
Sunnfjord Sparebank
I 1973 vart Sunnfjord Sparebank skipa ved at Førde slo seg saman med Askvoll, Vevring og Jølster. I 1974 vart Anders Sølvberg tilsett som adm. banksjef, ei stilling han hadde fram til 2001. Under hans leiing gjekk stadig fleire små sparebankar inn i Sunnfjord Sparebank. Med Sunnfjord Sparebank som tyngdepunkt, vart så Sparebanken Sogn og Fjordane skipa i 1988.
Førde Sparebank i 1967. Foto: Reiakvam.
Sparebanken Sogn og Fjordane
hadde i 2006 ein forvaltningskapital på 18 milliardar kroner og hadde kring 240 tilsette. Arvid Andenæs overtok som administrerande banksjef etter Anders Sølvberg i 2001, og under hans leiing har Sparebanken Sogn og Fjordane m.a. stilt seg i spissen for å byggje opp eit fylkesbasert investeringsfond for næringslivet i Sogn og Fjordane.
Arvid Andenæs.
Anders Sølvberg.
Samanslåing i Flora-Bremanger
Etter krise i oppdrettsnæringa fekk Sparebanken Flora-Bremanger store tap og økonomiske vanskar og vart slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane hausten 2003. Banken hadde i 2003 ein forvaltningskapital på 13 milliardar kroner.
Gjensidige Bank
I 2006 gjorde Sparebanken Sogn og Fjordane ein avtale med Gjensidige Holding om å skipe ein «nettbasert» bank i Førde: Gjensidige Bank.
Fjaler Sparebank inn
I 2010 gjekk Fjaler Sparebank inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. Samstundes vart Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane oppretta. Dette vart til då den nest største forretningsstiftinga i landet med 1,8 milliardar kroner i eigenkapital. Dette vart overført frå grunnfondet i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Bankbygget til Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Nesten fylkesdekkande
Sparebanken Sogn og Fjordane har i år 2010 38 ekspedisjonsstader i 21 kommunar i fylket (avdelingskontor/filialar i parentes):
- Askvoll (Askvoll, Bulandet, Værlandet)
- Balestrand (Balestrand)
- Bremanger (Kalvåg, Bremanger, Svelgen)
- Eid (Nordfjordeid)
- Fjaler (Dale)
- Flora (Florø, Eikefjord)
- Førde (hovudkontor og filial på sentralsjukehuset)
- Gaular (Sande, Bygstad, Viksdalen)
- Gloppen (Sandane, Byrkjelo, Hyen)
- Gulen (Eivindvik, Brekke, Byrknesøy)
- Hornindal (Grodås)
- Hyllestad (Leirvik)
- Høyanger (Høyanger, Lavik, Bjordal)
- Jølster (Skei, Vassenden)
- Leikanger (Hermansverk)
- Naustdal (Naustdal)
- Sogndal (Sogndal)
- Solund (Hardbakke)
- Stryn (Stryn, Olden, Innvik)
- Vik (Feios, Fresvik)
- Vågsøy (Måløy)
- Årdal (Øvre Årdal)
Avdelingskontoret i Viksdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I 2006 opna Sparebanken Sogn og Fjordane den første filialen sin utanfor fylket i Bergen. I 2007 tok Sparebanken Sogn og Fjordane over Sogn Eigedomskontor i Sogndal.
Over til Bank i butikk
Hausten 2009 la Sparebanken Sogn og Fjordane ned 16 filialar og la tenesta på desse stadene over til ”Bank i butikk”: Bygstad, Viksdalen, Bulandet, Byrknesøy, Brekke, Kalvåg, Eikefjord, Lavik, Bjordal, Vassenden, Byrkjelo, Hyen, Olden, Innvik, Fresvik og Feios.