Song- og musikklag i Sogn og Fjordane

Holmedal Songlag i 1911.

Holmedal Songlag i 1911.

Nordfjord Songarlag

vart skipa i 1919 av lærar og kyrkjesongar Lars Glomnes frå Stryn. Laget talde i mellomkrigstida 20 kor med til saman kring 500 songarar.

Byrkjelo Mannskor i 1960.

Byrkjelo Mannskor i 1960.

Sunnfjord Songarsamband

vart skipa i 1923 og har kora i Sunnfjord som medlemer.

Kristoffer Alme frå Hafslo skreiv og tonesette i mellomkrigstida ”Sognasongen”, som har vorte mykje nytta ved songarstemne i Sogn. Dette er faksimile av dei seks første versa, attgjeve frå ”Jol i Sogn” 2008.

Kristoffer Alme frå Hafslo skreiv og tonesette i mellomkrigstida ”Sognasongen”, som har vorte mykje nytta ved songarstemne i Sogn. Dette er faksimile av dei seks første versa, attgjeve frå ”Jol i Sogn” 2008.

Sogn Songarlag

Det første store songarstemnet i Sogn vart halde i Høyanger i 1925 med Høyanger Sangforenings som tilskipar. Året etter, i 1926, vart Sogn Songarlag skipa.

Dei tre regionale songarlaga i fylket har sidan 1990 gjeve ut medlemsbladet ”Koristen”.

Symfoniorkester

Fleire stader i Sogn og Fjordane vart det tidleg på 1900-talet skipa kammermusikkgrupper og små orkester som spela klassisk musikk.

Sogn og Fjordane Storband

vart skipa i 1974 i samband med fjernsynsprogrammet «Etter fjøstid». Sverre Volle var dirigent for storbandet. Bandet vart oppløyst på 1980-talet.

Brass- og janitsjarmusikk

Nordfjord Ungdomskrops (NUK) vart skipa i 1986.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag

vart skipa på eit møte i Askvoll i 1981.

Opera Nordfjord

- sjå Opera Nordfjord under Eid kommune

Distriktsmusikarar

I 1987 vart kom det løyvingar på statsbudsjettet til skiping av distriktsmusikargrupper. Ordninga i Sogn og Fjordane vart organisert i samarbeid mellom Rikskonsertane, fylkeskommunen og einskildkommunar: På fire stader i fylket, Sogndal, Høyanger og Gloppen vart det skipa grupper i 1987, og Førde kom etter i 1988. I kvar gruppe er det fire profesjonelle musikarar som skal dele tida si mellom utøvande verksemd og instruksjon. Høyanger trekte seg ut av ordninga i 2004, medan Førde planlegg å utvide si gruppe.