Sognefjord Sardine Co. A/S

Sognefjorden Sardine Co. A/S. Foto: A. B. Wilse.

Sognefjorden Sardine Co. A/S. Foto: A. B. Wilse.

Sognefjord Sardine Co. A/S på Leikanger vart bygt i 1908 av Stavanger-firmaet Concord Canning Co. ved eigaren Endre Grønnestad.Grønnestad var på den tida ein av dei store i bransjen, og eigde fleire hermetikkfabrikkar langs kysten. Han fekk også med seg ein del lokale aksjeeigarar. Mellom desse var bakar og hotelleigar Jan Gjøvåg Olsen (sjå Olsens Hotell) og Knut Jordal - kjøpmann og hermetikk-disponent.

På Hanehaug kjøpte firmaet bygningane til tidlegare Leikanger Meieri til hermetikkfabrikk. Bygget vart mykje utvida i 1919.

Sognefjorden Sardine Co. vart ein av 12 større hermetikkfabrikkar som var i drift i Sogn og Fjordane. Den var dimensjonert for at 150 arbeidarar kunne vere sysselsett i brislingsesongen, men kom aldri opp i meir enn det halve. I midtre Sogn vart Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen) og Fjærland Preserving L/L bygt: Desse hermetikkfabrikkane gjorde seg først og fremst nytte av det rike brislingsfisket i Sognefjorden.

Dollar Princess heitte eitt av produkta frå Sognefjorden Sardine Co.

Dollar Princess heitte eitt av produkta frå Sognefjorden Sardine Co.

Sardinar til eksport

Ein sentral mann i arbeidet for å få starta fabrikken på Leikanger var kjøpmann Knut Jordal som dreiv handel på Leikanger. Han vart også disponent på hermetikkfabriken. Fabrikken på Leikanger produserte for det meste sardinane med morselskapet Concord Canning sine etikettar, men med eige firmanamn under.

Merkenamna var «Crown Jewel», «Dollar Princess», «Fritjof», «Anchor flirt», «Life Buoy» og «Cricket». Produktmerka med engelsk tekst syner tydeleg at det meste av produksjonen gjekk til eksport. Mellom notlaga som leverte brisling til fabrikken var fleire frå Leikanger.

Økonomiske problem og nedlegging

I 1928 fekk selskapet økonomiske problem. Hermetikkproduksjonen vart stoppa og fabrikkbygget selt i 1932. På grunn av at «konkurrenten» H.M. Knutsens Preserving på Hermansverk brann dette året, vart hermetikkfabrikken på Leikanger leigd av dei i brislingsesongen i 1932. Mellom 1936 og 1940 leigde Systrond Smørlag lagerlokale i fabrikken.

Frå 1945 nytta ingeniør Erling Engesæther ein kort periode fabrikken for nedlegging av brisling og ål. Fabrikken vart stengt av næringsmiddeltilsynet, og Engesæther førte gjennom fleire år ein prosses for domstolane med krav om å få starte fabrikken att, utan å vinne fram.

Samvirkelagsbygg på tomta

I 1951 kjøpte møbelfabrikant Kristian Knutsen frå Hermansverk dei gamle fabrikkbygningane, men selde dei seinare til Leikanger kommune - sjå: Kristian Knutsen - møbelfabrikk.

Systrond Samvirkelag

- frå 1965 innlemma i nyskipa i Sogn Samvirkelag - dreiv forretning på naboeigedomen i tidlegare Jordal Eftf. sine lokale. Dei såg seg rundt etter ny tomt for utviding.

I 1972 gjorde dei difor eit makebyte med Leikanger kommune: Mot at kommunen fekk overta gamlebutikken og den verdfulle kai-eigedomen, fekk samvirkelaget overta hermetikkfabrikk-tomta. Der bygde S-laget eit to-etasjes forretningsbygg i 1974.