Sogndal gymnas og realskule

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

I 1924 sette Sogndal kommune ned ein nemnd for å få skipa ein «Språk- og realskule» i bygda. I 1926 kom nemnda med tilrådinga om å starte realskule, men kommunestyret valde å la vere å starta skulen fordi ein meinte den kunne verte ein konkurrent til Sogndal folkehøgskule.

Starten var privat realskule

I 1936 kom den unge teologistudenten Olav Leirvåg til Sogndal for å arbeide som portier på eitt av hotella. Han fekk kontakt med skulestyreformannen Lars Uglum, og same året starta Leirvåg realskule med 16 elevar i ungdomshuset Solhov.

Sogndal realskule i Trudvang

Frå hausten 1937 fekk realskulen to klassar flytta over i andre høgda i barneskulen Trudvang, der kommunen let skulen halde til gratis utan husleige og andre driftsutgifter. Skulen fekk no namnet Sogndal realskule. Då Leirvåg slutta og gjekk over i anna yrke i 1939, kjøpte kommunen skulen.

Gymnas under krigen

Krigsåra skapte vanskar for ungdom som skulle reise heimanfrå for å ta gymnasutdanning. Difor vart det starta ein mengd lokale gymnasklassar kringom i Sogn og Sunnfjord. Nordfjord var på den tida betre stilt med gymnas i nærleiken, på Sandane og Nordfjordeid. Både Florø, Dale, Høyanger, Balestrand, Aurland og Sogndal fekk gymnas i desse åra. Alle med unntak av Sogndal fekk kort levetid.

I 1944 vart det i samband med Sogndal realskule starta to-årig gymnas med lektor Paul Berdal som styrar.

Interkommunal realskule og gymnas

I 1951 vart realskulen i Sogndal interkommunal ved at kommunane Jostedal, Hafslo og Luster gjekk inn som medeigarar. Skulen vart samstundes tre-årig. I 1956 gjekk gymnaset inn i den interkommunale ordninga. I 1958 slutta Lærdal kommune seg til som medeigar, og Leikanger kommune i 1959.

Frå skuleåret 1957/1958 vart Sogndal gymnas tre-årig samlegymnas med eksamenrett. I 1964 overtok Sogn og Fjordane fylke som eigar, og i 1965 flytta Sogndal gymnas inn i nybygg. Sogndal Gymnas gjekk inn i Sogndal vidaregåande skule i 1992.