Sogndal Sparebank

Njøsahuset, der Sogndal Sparebank hadde kontor på 1860-talet. Foto frå boka ”Sogndal Sparebank 1841-1966”.

Njøsahuset, der Sogndal Sparebank hadde kontor på 1860-talet. Foto frå boka ”Sogndal Sparebank 1841-1966”.

Sogndal Sparebank først i fylket

Sogndal Sparebank vart skipa i 1841 som den første sparebanken i i fylket, og den første bygdebanken på Vestlandet.

Styret, eller som det heitte den gongen, direksjonen i Sogndal Sparebank i 1941, då banken runda 100 år: Frå venstre Johan Flugeim, Frederik Skjeldestad, bankkasseraren (utan namn), direksjonsformann Nils Nilssen, Ivar Skjeldestad og Lars Danielsen. Foto frå boka ”Sogndal Sparebank 1841-1966”.

Styret, eller som det heitte den gongen, direksjonen i Sogndal Sparebank i 1941, då banken runda 100 år: Frå venstre Johan Flugeim, Frederik Skjeldestad, bankkasseraren (utan namn), direksjonsformann Nils Nilssen, Ivar Skjeldestad og Lars Danielsen. Foto frå boka ”Sogndal Sparebank 1841-1966”.

Startkapital frå kornmagasin

Mykje av startkapitalen til Sparebanken kom frå sal av det gamle kornmagasinet i Sogndal. Dette magasinet var eitt av mange som vart bygd over heile landet i krigs- og naudsåra 1807-1814 for at bøndene skulle vere sikra såkorn. Liknande kornmagasin la grunnlaget for skiping av Nordfjord Sparebank og Lærdal Sparebank noko seinare.

Løytnant Nils Joa. Knagenhjelm.

Løytnant Nils Joa. Knagenhjelm.

Dokter Chr. A. Stang.

Dokter Chr. A. Stang.

Overklassen styrde og rådde

Opptaket til Sogndal Sparebank vart gjort av prokurator og ordførar Fredrik Christian Juell. Første styreleiar vart distriktslege Chr. A. Stang (sjå også: Helsestellet i Sogndal). Juell var deretter styreleiar i banken frå 1844 til 1846. Juell var samstundes den klårt største innskytaren ved starten, då han sette inn 200 specidalar. Den nest største var løytnant Nils Joa. Knagenhjelm med 50 specidalar.

Prokurator Juell.

Prokurator Juell.

Flytta frå Fjøra til Kvåle

Sparebanken hadde kontora sine i skulehuset i Fjøra fram til 1866 då det flytta flytta til klokkargarden på Kvåle. Etter at det første kommunehuset var ferdig i Fjøra i 1883, flytta banken ned dit. Her sat kundane på eit ørlite venterom medan dei venta på tur i ekspedisjonsluka. Frå 1841 og heilt fram til 1917 heldt banken ope berre ein dag i veka. I 1956 flytta banken inn som leigetakar i det nybygde kommunehuset i Fjøra, og bygde eige bankbygg i 1966.


Strid om utlånsrenta

I bankstyret sat det gjennom heile 1800-talet berre folk frå overklassen i bygda.

Sogndal Sparebank sitt nybygg i 1966.

Sogndal Sparebank sitt nybygg i 1966.

Kring 1870 vart det uro mellom bygdefolket på grunn av den høge lånerenta på seks prosent. Sogndølene hadde høyrt at andre sparebankar i Sogn heldt lågare rente, og mange truga med å ta ut sparepengane sine dersom ikkje Sogndal Sparebank gjorde det same. Sogndals Almueforening sette i 1871 fram skriftleg krav om at deira eigen bygdebank skulle setje ned renta. Men banken bøygde ikkje av for kravet før eitt år hadde gått.

Kamp mot konkurrent

I 1917 vart Landsbanken skipa, og i 1922 søkte denne om å få skipe filial i Sogndal. Dette skjedde etter at nokre sogndøler hadde oppmoda Landsbanken om det. Sparebankstyret ville ikkje ha nokon konkurrent, og gjekk på det sterkaste imot at Landsbanken fekk filial i bygda. I bankrådet vart dei høyrde. Det kom ingen Landsbank-filial i Sogndal.

Inn i Sparebank1 Vest

I 1989 gjekk Sogndal Sparebank inn i Sparebank1 Vest. Banken held til i bygget som vart reist i 1966. Namnet er seinare endra til Sparebanken Vest.

Bankbygningen frå 1966 slik han ser ut i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bankbygningen frå 1966 slik han ser ut i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.