Sogn og Fjordane skattefutkontor

Foto: Karina Jørgensen, NRK.

Foto: Karina Jørgensen, NRK.

Heilt til skatteetaten vart omorganisert i 2008, hadde Sogn og Fjordane skattefutkontor sete på Leikanger. Dei viktigaste oppgåvene til skattefutkontoret har vore innkrevjing av statlege avgifter, og som løns- og rekneskapssentral for statlege institusjonar i fylket.

Den største arbeidsoppgåva på innkrevjingssida gjeld moms - d.v.s. meirverdiavgift. NB! Det har vore Sogn og Fjordane Fylkesskattekontor som har fastsett kor mykje kvar einskild næringsdrivande skal betale i moms, medan det har vore skattefuten som har kravd inn avgifta. Elles har skattefutkontoret hatt ansvaret for fastlegging og innkrevjing av arveavifter, og elles innkrevjing av ein mengd andre statlege avgifter og gebyr.

Futar i dansketida

I dansketida var det futane (på bokmål: fogd) som m.a. stod for skatteinnkrevinga for kongen. Sjølv om Noreg reiv seg laus frå Danmark i 1814, varde ordninga med futar (og fogderi) heilt fram til 1894.

Funksjonane til futane gjekk då over til politimeistrar på ordenssida og til fylkeskasserarar (skattefutar) på innkrevingssida. Nokre gamle «fute-funksjonar» vart også overførde til sorenskrivarane og lokale lensmenn. Sidan dette var ei omfattande forvaltningsreform, gjekk det mange år før alt vart gjennomført. Såleis vart ikkje skattefutkontoret for Sogn og Fjordane skipa før i 1898.

Skattefutar i Sogn og Fjordane:

  • Johan Gurvin, amtskasserar 1898-1916
  • Adolf Assev, skattefut/amtskasserar 1916-1930
  • Einar Haukenæs, skattefut 1930-1946
  • Lars Hinna, 1946-1956
  • Fritjov Sørby 1956-1959
  • Fritjof Bartnes 1959-1964
  • Olav Rosenlund 1964-1975
  • Klaus Fottland 1975-1980
  • Reynold Svangstu 1980-1988
  • Knut Dokken 1988-2008.

Frå 2008 er ordninga med eige skattefutkontor avløyst av den regionale ordninga for all skatte- og aviftshandsaming, organisert hjå oss i Skatt Vest som har hovudkontor i Bergen (sjå nedanfor).

Her held Skatt Vest til i Bergen. Foto: Torunn Westvik Tørneng, NRK.

Her held Skatt Vest til i Bergen. Foto: Torunn Westvik Tørneng, NRK.

Skatt Vest frå 2008

I 2008 vart dei tidlegare ordningane med skattefutkontor, fylkesskattekontor og likningskontor avløyste av ei ny, regional eining som kallast skattekontor. Tidlegare fylkesskattesjef i Hordaland, Karl Husabø frå Leikanger, vart tilsett som den første regiondirektøren for Sogn og Fjordane og Hordaland. Leiinga av regionen, som heiter Skatt Vest, er plassert i Bergen. Forutan Skatt Vest er landet elles samla i fire andre regionar: Nord-Noreg i Skatt Nord med administrasjonsstad Tromsø, Skatt Midt-Norge med administrasjonsstad Trondheim, Skatt Sør med administrasjonsstad Skien og Skatt Øst med administrasjonsstad Oslo. Alle kontor som ved omlegginga vart haldne opne for publikum, vert haldne oppe som servicekontor. Heile skatteetaten fekk felles telefonnummer etter omorganiseringa: 800 80 000.

Forenkla klagesystem

Den nye organiseringa avløyser elles dei tidlegare likningsnemndene, overlikningsnemndene og fylkesskattenemndene med to nye klageinstansar: Skattekontor og skatteklagenemnd. I desse nemndene er det sett krav til at to tredelar av medlemane skal vere revisorar, økonomar eller juristutdana. Nemndleiaren skal ha kompetanse tilsvarande tingsrettsdommar. Medlemene i skatteklagenemnda vert oppnemnde av fylkestinga.

Nedlegging av skattekontor

I juni 2011 la Skatt Vest ned fem skattekontor i Sogn og Fjordane: Luster, Hyllestad, Gloppen, Selje og Hyllestad. I 2012 vart kontora i Gulen, Bremanger, Høyanger, Stryn og Aurland lagde ned.