Det første fylkesskattekontoret i Sogn og Fjordane heldt til i Flomhuset (midt på biletet) i Førde. Foto: Olai Fauske. Eigar: Fauskefondet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Før omlegginga av skatteetaten i 2008 til Skatt Vest, hadde Sogn og Fjordane sitt eige fylkesskattekontor plassert i Leikanger. Opphavet til fylkeskattekontoret var i 1911, då kvart fylke fekk tilsett ein skatteinspektør som sorterte under fylkesmannen. Den viktigaste oppgåva for skatteinspektøren og fylkesskattestyret, som var skipa nokre år tidlegare, var å halde tilsyn med likningsvesenet kringom i kommunane.
Spesielt «karaktersystem»
I Sogn og Fjordane var det heilt fram til 1980-talet fylkesmannen som var formann i fylkesskattestyret.
Den grundige fylkesmann Nikolai Schei innførte eit eige karaktersystem for kor godt dei einskilde likningsnemndene i kommunane utførte arbeidet sitt: Vart det funne manglar, fekk vedkomande kommune «straff» i form av reduserte skatteutjamningsmidlar. Denne «karakterboka» til Schei møtte mykje kritikk og vart avskaffa då Schei slutta. Ordninga med fylkesskattestyret vart oppheva i 1983 og erstatta m.a. med ei klagenemnd.
I 1939 flytta fylkesskattekontoret inn i Tinghus I til venstre på dette biletet. Til høgre fylkesmannsgarden Nybø. © Fylkesarkivet.
Starta i Førde - flytta til Leikanger
I 1935 vart det skipa eigne sjølvstendige fylkesskattekontor. Førde-advokaten Jac. P. Jacobsen vart tilsett som skatteinspektør og kontoret lagt til Førde, der det heldt til i huset til Nils Flåm ved Langebrua. Ei viktig oppgåve for fylkeskattekontora var innkreving av den nye omsetningsavgifta, som vart innført i 1935.
I 1936 vart fylkesskattekontoret flytta til Hermansverk, der det leigde kontor i forretningsbygget til kjøpmann Aarskog. I 1939 flytta det til den nybygde Tinghus I.
I 1970 vart meirverdiavgifta - momsen - innført, og etaten tok i bruk EDB (datamaskiner) for å halde styr på den omfattande dataflaumen. Talet på tilsette auka, og var i 1975 oppe i 39 stillingar.
NB! Fylkesskattekontoret fastset kor mykje kvar einskild næringssdrivande skal betale i moms, medan det er Sogn og Fjordane skattefutkontor som krev inn avgifta.
Fylkesskattesjefar i Sogn og Fjordane har vore:
- Jac. P. Jacobsen 1935-1943
- Sigurd Dale (kst.) 1944-1946
- Asmund Kvamme 1946-1953
- Finn Fosse 1953-1966
- Hallvard Njøs 1966-1983
- Jon Mathias Husbø 1983-1996
- Øystein Alme 1996-2002
- Aud Kari Isane 2003-2008
- Regiondirektør Karl Husabø 2008-