Sogn og Fjordane Teater

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober. Premierestykket var komedien «Dei siste maksveringar» av Rolf Losnegård frå Holmedal. Men like etter braut det ut ein kvass strid kring styringsforma.

Stillingsboikott og suksess

Fram til 1980 låg teatret under Riksteatret. Då fylkeskommunen og andre lokale eigarar fekk ansvaret i 1980, vart det hard strid då eigarane ville at teatret skulle styrast av ein teatersjef, og ikkje av allmøte, slik dei fleste skodespelarar og forbundet deira kravde på den tida. Då skodespelar og instruktør Anne Gullestad vart tilsett som teatersjef, vart ho møtt med stillingsboikott. Men trass i trugsmåla om bokikott makta Gullestad likevel å fylle ensembla med skodespelarar som braut med den harde lina som Norsk Skuespillerforbund den gongen førte.

Satsing på lokale stykke

Teatret har sidan starten hatt kring seks premierar i året, og frå første Kinnaspelet i 1985 (sjå: Kinna-kyrkja, segna og spelet) har Sogn og Fjordane Teater hatt ei sentral rolle i ei rad lokale sogespel både i Sogn og Fjordane og andre stader på Vestlandet.

Kulturbåten Innvik, som etter teneste som teaterbåt i Sogn og Fjordane i mange år var kulturbåt i Oslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kulturbåten Innvik, som etter teneste som teaterbåt i Sogn og Fjordane i mange år var kulturbåt i Oslo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kulturbåten Innvik

Teatersjef Anne Gullestad var den første som lanserte idèen om ei flytande teaterscene – ein kulturbåt – som kunne turnere i fylket og resten av Vestlandet. Første turnèen med den ombygde ferga «Innvik» i 1982 med komedien «Splint» av Norvald Tveit vart ein av teatrets største suksessar nokon sinne.

Økonomiproblem

Sogn og Fjordane Teater kom i 1987 opp i store økonomiske vanskar som m.a. gjorde at styret vart skifta ut.

Ensemblet i ”Saman skal vi leve” takkar for applausen.

Ensemblet i ”Saman skal vi leve” takkar for applausen.

Høgthengande pris i 2006 og 2010

I 2006 vart Sogn og Fjordane Teater tildelt «Heddaprisen» som er norsk teaters største påskjøning. Teatret fekk prisen i klassen «særleg fagleg innsats» for arbeidet med stykket «Saman skal vi leve» med tema kring mobbing og rasediskriminering. Stykket er basert på det som hende kring dødsfallet til Arve Beheim Karlsen (sjå Beheim Karlsen-saka) i 1999. I 2010 fekk teateret Heddaprisen i den same klassen for å ha satsa på ny, nynorsk dramatikk.

Første styreformann var Reidar Tveit.

Teatersjef Terje Lyngstad. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Teatersjef Terje Lyngstad. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Teatersjefar har vore