Sogn Folkeblad

Sogn Folkeblad den 2. mars 1965. På framsida var det stoff frå store delar av Sogn og Sunnfjord, mellom anna at det går mot tidleg vår i Sogndal.

Sogn Folkeblad den 2. mars 1965. På framsida var det stoff frå store delar av Sogn og Sunnfjord, mellom anna at det går mot tidleg vår i Sogndal.

Sogn Folkeblad vart starta i 1938 av Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Fram til 1940 kom avisa ut på Leikanger, men vart stoppa ved krigsutbrotet.


Frå 1945 kom avisa ut i Høyanger. I 1949 skipa fagforeningar og Arbeidarpartilag i Sogn eit aksjeselskap som vart utgjevar av partiavisa.

Eitt av dei siste nummera av Sogn Dagblad, 7. august 1997. Under headingen står det ”i samarbeid med Firda”. Ikkje eitt ord på framsida handlar om Høyanger.

Eitt av dei siste nummera av Sogn Dagblad, 7. august 1997. Under headingen står det ”i samarbeid med Firda”. Ikkje eitt ord på framsida handlar om Høyanger.

Frå 1939 og fram til 1968 kom avisa ut tre gonger i veka. I 1968 vart avisa den første dagsavisa i Sogn og Fjordane, og endra namn til Sogn Dagblad. I samband med at A-pressen kjøpte opp Firda i 1996 vart Sogn Dagblad lagd ned i 1997, til store protestar frå folk i Høyanger.


Per Dingsøyr var redaktør i 33 år. Ikkje rart at avisa gjekk under namnet ”Dingsen”. Foto: Rune Sviggum.

Per Dingsøyr var redaktør i 33 år. Ikkje rart at avisa gjekk under namnet ”Dingsen”. Foto: Rune Sviggum.

Norvald Stedje via heile sitt yrkesaktive liv til avisa. Dei siste 16 åra var han redaktør.

Norvald Stedje via heile sitt yrkesaktive liv til avisa. Dei siste 16 åra var han redaktør.

Redaktørar etter krigen har vore:

  • Per Dingsøyr 1945-1978,
  • Norvald Stedje 1978-1994,
  • Johs. B. Thue 1994-1996,
  • Ole Johannes Øvretveit 1996-1997.