Denne karen sit milevakt medan myrmalmen blir driven ut. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.
Den gamle smedkulturen i Hornindal har røtene sine tilbake til jernalderen. Funn av jernemne og andre fornfunn fortel at det vart drive utvinning av myrmalm i stort omfang i indre Nordfjord og at råbarrar av jern – og truleg også ferdige varer – tidleg fann veg ut av bygdene som betaling og bytemiddel
Demonstrasjon av ljåsmiing på Lungård i Hornindal. Ragnhild og Rasmus Lungård med sleggene, medan Petter Lødemel ser på. Foto: Randi Lødøen Sømme
Smie på kvar gard
På 1800- og 1900-talet var det ljå- og navarsmier på mest kvar gard i dalen, og for mange var smedarbeidet hovudyrke. Ferdigvarene vart anten omsette ved at kvar einskild selde ved omførselshandel, eller dei vart omsette m.a. gjennom Hornindal Handelslag.
Det var såleis naturleg at honndølene kalla det nye rådhuset «Smia» då det vart opna 1995.