Skysstasjonar og rorsplikt

Båtskyss på Førdefjorden ved Vevring. Teikning av O. Wald.

Båtskyss på Førdefjorden ved Vevring. Teikning av O. Wald.

Heilt frå den offentlege skyssordninga vart innført på 1600-talet var det skysstasjonar i Førde, Naustdal og Tingneset i Vevring. Heilt fram til Den tromdhjenmske Postvei vart bygd gjennom fylket kring 1800 vart dei fleste offentlege tenestemenn som hadde ærend i sunnfjordbygdene skyssa til og frå med båt og rorskarar.

Bøndene hadde plikt til å stille som rorskarar når Kongens menn og geistlege skulle fram, og skysskaffaren på skysstasjonen hadde til oppgåve å stille eit høveleg rorslag. Den første skysskaffaren i Vevring var Nils Apneset, kring 1660, og Anders Person var den første i Naustdal.

Vestover frå Vevring var næraste skysstasjonane Sauesund på Atløy (sjå Askvoll kommune) og Hellevik ved Stavang (sjå Flora kommune). Både i Naustdal og Vevring var det gjestgiveri der ferdafolket kunne ta inn.