Skulesentralisering og ungdomsskule

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Den store skulesentraliseringa på 1950- og 1960-talet gjorde at Gaular på få år reduserte talet på skuleskrinsar frå 18 til tre sentralskular.

Den første skulesentraliseringa skjedde i 1955 då det vart bygt ny skule i Bygstad, og krinsane Bygstad, Osen og Hjelmeland vart slegne saman. Seinare kom også Birkeland krins.

Viksdalen fekk sentralskule i 1962. Då vart alle lokalkrinsane i begge dei øvre dalføra nedlagde. Skulen fekk eit større påbygg i 1986. 9-årig skule vart innført i 1967 då Sande barne- og ungdomsskule stod ferdig.

Hestad skule dekte grendene på nordsida av Dalsfjorden som fram til 1990 høyrde til Fjaler kommune. Skulekrinsen vart lagt ned like etter at krinsen vart overført frå Fjaler til Gaular kommune, og slegen saman med Bygstad krins.