Skuleadministrasjonen i Sogn og Fjordane

Førde barneskule er mellom skulane Statens utdanningskontor har tilsyn med. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde barneskule er mellom skulane Statens utdanningskontor har tilsyn med. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulefundas i Aurland frå 1741.

Skulefundas i Aurland frå 1741.

Bibelsoge og salmevers var svært sentrale element i skulen i eldre tid. Denne bibelsoga vart gitt ut i 1891.

Bibelsoge og salmevers var svært sentrale element i skulen i eldre tid. Denne bibelsoga vart gitt ut i 1891.

Den første lova om eit norsk skulestell kom i 1739 og hadde samanheng med innføringa av kyrkjeleg konfirmasjon i 1736. Konfirmasjonsordninga stilte krav til ungdomar som gjekk og «las for presten» om at dei kunne meistre eit minstemål av lesekunnskap. Det var difor kyrkja gjennom biskop og sokneprestar som fekk ansvaret for den første «folkeskulen» her i landet.

Gjennom såkalla «skulefundasar» vart det fastsett korleis skulen skulle organsierast i dei einskilde prestegjeld med krinsinndeling, lærarkrefter osb.

Heilt fram til 1889 var sokneprestane sjølvskrivne formenn i dei såkalla «skulekommisjonane» som hadde ansvaret for skuleordninga i kvar kommune. Først i 1889 innførte ein ordninga med skulestyre valde av kommunestyret.

Skuledirektøren

Heilt frå 1860 til 1961 hadde Sogn og Fjordane felles skuledirektør med Hordaland og Bergen. Dette samhaldet var i utgangspunktet bygt på den gamle «stiftsordninga».

Den første skuledirektøren berre for Sogn og Fjordane var Hallgeir Furnes, som hadde stillinga frå 1961 til 1963. Frå 1963 til 1985 var Olav Åm skuledirektør. Han vart avløyst av Sven Egil Vestre, som var skuledirektør i Sogn og Fjordane til 1992, då embetet vart lagt ned ved ei omorgansiering av den statlege tilsyns- og rettleiingstenesta på fylkesnivå.

Statens utdanningskontor

Statens utdanningskontor vart oppretta i 1992, med kontorstad Leikanger og med Bjørn Tønnesen som leiar. Utdanningskontoret har tilsynsansvaret for grunnskulen i heile fylket, og er samarbeidspart for alle andre utdanningsinstitusjonar til og med høgskulenivået. Ei viktig arbeidsoppgåve er rettleiingsteneste til skuleverket. Frå og med 2003 er Statens Utdanningskontor avvikla og organisert som ei avdeling under fylkesmannen.

Skuledirektørar/utdanningsdirektørar i Sogn og Fjordane:

Bjørn Tønnesen.

Bjørn Tønnesen.

Olav Åm.

Olav Åm.

  • Hallgeir Furnes 1961-1963
  • Olav Åm 1963-1985
  • Sven Egil Vestre 1985-1992
  • Bjørn Tønnesen 1992-

Fylkeskommunen får eiga skuleleiing

I 1971 vart skuleadministrasjonen på fylkesplan delt ved at fylkeskommunen med ein fylkesskulesjef på toppen fekk ansvaret for den vidaregåande skulen (gymnas og yrkesskular) som fylket hadde eigar-og driftsansvar for. Skuledirektør-embetet vart ein rein Statens mann, med hovudansvaret for grunnskulen - dvs. barne-og ungdomsskulane - i fylket.

Tidlegare kontorsjef hos skuledirektøren, Sverre Aas, vart den første fylkesskulesjefen i Sogn og Fjordane. I 1995 vart tittelen «fylkesskulesjef» endra til «fylkedirektør for utdanning».

Fylkesskulesjefar/direktørar i Sogn og Fjordane:

  • Sverre Aas 1971-1981
  • Claus Kvamme 1981-1998
  • Reidar Sandal 1998-2000
  • Hans Peder Vibe 2000-2005
  • Bekka Skaasheim 2005-
Bekka Skaasheim vart fylkesskuledirektør i 2005.

Bekka Skaasheim vart fylkesskuledirektør i 2005.