Det tidlegare skulehuset i Halsøyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Grunnskulane i Vågsøy, hovudsakleg ordna etter startår:
Raudeberg fekk første fastskulen
Det første faste skulehuset vart truleg bygd i Røysa på Raudeberg i 1865.
Skram skole i Måløy
I 1881 innreia Hans Kvalheim (Skule-Hans) skulerom i eige bustadhus på Skram. Seinare vart det bygd skulehus på Midtgård, og i 1920 eit nytt stort skulebygg på Skram.
Førsteklassingar ved Skram skole i Måløy. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.
Vedvik og Refvik skular
Begge desse skulekrinsane på Nord-Vågsøy hadde kvar si omgangsskuleordning fram til 1881 då det vart bygt felles skulehus i Kjerringdalen.
Tytingvåg
fekk fastskule i 1890.
Tidlegare Husevåg skule.
Husevåg
vart eigen skulekrins frå 1892, og fekk eige skulehus i 1915. Bygdefolket kosta kjellar på skulebygget. I 2002 vart Husevåg skule lagd ned og elevane overførde til barneskulen i Måløy.
Almenning fekk Montessoriskule
Nordstranda skule i Almenning fekk skulehus i 1892-1893.
Bryggja
Det første skulehuset i krinsen vart bygt på Indre Nore i 1894.
Rimstad
omfatta grendene vest for Bryggja og fekk skulehus i 1894. Opphaveleg stod det på Rundshaug, men vart i 1916 flytta ned til riksvegen. Etter sterke protestar frå bygda vart skulen lagd ned i 1963 og borna overførde til Maurstad skule - sjå Bryggja.
Skavøypoll skule. Foto: Arild Nybø, NRK.
Skavøypoll
fekk første skulehuset i 1896.
Ulvesund/Saltkjel
krins dekte gardane Trollebø, Saltkjel og Hagevik på austsida av Ulvesundet. Dette er ein verhard del av kysten, og i 1877 vart det løyvt pengar til bygging av ein skuleveg frå Hagevik til Trollebø. I 1917 vart det bygt skulehus for krinsen på Saltkjel. Krinsen vart lagd ned i 1955 og sentralisert til nyeskulen i Skavøypoll.
Osmundsvåg
og grendene Tvendesæter, Hjertenes og Uren fekk eige skulehus i 1933. Krinsen vart lagd ned i 1955 og sentralisert til nyeskulen i Skavøypoll.
Våge og Oppedal
Våge krins i Vågsvåg fekk skulehus i 1906.
Skulehuset på Kvalheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kvalheim
fekk skulehus i 1911. Skulen på Kvalheim vart lagd ned i 2003.
Holvik
fekk skulehus i 1917.
Holvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kråkenes
fekk skulehus i 1917.
Halsøyr
fekk eige skulehus i 1917, etter at det i lang tid hadde hatt felles skule med Raudeberg i Røysa. Halsøyr skulehus hadde også lærarbustad. Men krinsen vart slegen saman med Raudeberg att i 1938. Ungane fekk då fri skuleskyss.
Silda
Øya Silda hadde frå gamalt av såkalla ”turskule” med krinsane Røyset og Sørpollen. Lærarane reiste då rundt og skula tre-fire vekar på kvar stad. Silda fekk skulehus i 1921. På Silda var det lenge hard strid om skulemålet. Dette gjorde at ein ikkje tok i bruk nynorsk før i 1940. Silda fekk nytt skulehus på 1960-talet.
Vågsøy Ungdomsskole på Gotteberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ungdomsskule i Vågsøy
Vågsøy kommune innførde niårig, linedelt ungdomsskule i 1965, samstundes som den kommunale realskulen i Måløy vart lagd ned. Ungdomsskulen fekk frå starten eige bygg på Gotteberg, der det også var gymnastikkhall og symjebasseng.
Vågsøy Musikk- og kulturskule
Vågsøy kommune var ein av dei første kommunane i Sogn og Fjordane som satsa på profesjonell musikkundervisning med start i 1965.
Første skuledag på Skram skole. Foto: Leif-Johnny Vedvik.
Vidaregåande skuletilbod:
Selje Sløyd og Arbeidsskule
vart starta i 1885 etter mønster frå Holmøy Arbeidsskule. Skulen ambulerte mellom bygdene i gamle Selje kommune, og heldt m.a. til i Osmundsvåg og Skram. Sløyd- og arbeidsskulen vart lagd ned i 1909.
Måløy Tekniske Aftenskole
vart starta i 1911 av ingeniør Per Drage.
Drage´s Elektr. Skole
- sjå Måløy Tekniske Aftenskole.
Realskular i Måløy og på Raudeberg
Måløy Kommunale Realskole vart skipa i 1913.
Moldøens Middelskole
– sjå artikkelen Realskular i Måløy og på Raudeberg.
Måløy Kommunale Realskole
– sjå artikkelen Realskular i Måløy og på Raudeberg.
M. Endal
starta i 1926 ein privat arbeidsskule i Måløy. Skuletida var 16 veker i starten og seinare utvida til 24 veker. Elevane vart underviste i snikkarfag og treskurd. Han dreiv skulen til 1952.
G. Kragseths Handelsskole
starta i Måløy i 1931, men flytta seinare til Nordfjordeid. - Sjå G. Kragseths Handelsskole under Eid kommune.
Måløy vidaregåande skule. Foto: Arild Nybø, NRK.
Måløy vidaregåande skule
Måløy Yrkesskule starta 1953. Yrkesskulen gjekk seinare inn i Måløy Vidaregåande Skule.
Måløy Yrkesskule
– sjå Måløy vidaregåande skule.
Måløy Maritime Senter
– sjå Måløy vidaregåande skule.
Måløy Maritime senter er ein del av Måløy vidaregåande skule. Foto: Stig Silden.
Nordfjordhallen
I 2001 vart Nordfjordhallen opna like ved Måløy Vidaregåande Skule på Tennebø. Dette er den største storhallen for idrett i Nordfjord.
Studiesenteret i Måløy
vart grunnlagt i 1986 av Turid Breidalen, og vart drive i regi av Folkeuniversitetet.
Vaksenopplæringa i Vågsøy
– sjå Studiesenteret i Måløy.
Nordfjordhallen med Måløy vidaregåande skule til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.