Skular i Stryn

Elevar ved husmorskulen i Stryn skuleåret 1916/1917. Dette var det første året skulen heldt til i bygningen til Hotel Central. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved husmorskulen i Stryn skuleåret 1916/1917. Dette var det første året skulen heldt til i bygningen til Hotel Central. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Barne- og ungdomsskular i Stryn

Innvik fekk første fastskulen i 1834, i 1846 vart det bygt nytt skulehus i bygda.

Privatskular på barnetrinnet

Som protest mot skulesentraliseringar har det vorte drive private barneskular ved to høve i Stryn kommune: På Fjelli midt på 1960-talet, og i Utvik i to år midt på 1990-talet. Ved begge høva var det foreldra som stod ansvarlege for drifta, også økonomisk. I Utvik enda skulestriden med at dei eldste vart sentraliserte til Innvik, medan Utvik fekk halde på skulen for dei fire første klassetrinna fram til skulen vart endeleg nedlagd i 2007. Skulebygget i Utvik er bygd om til barnehage.

Tidlegare Utvik skule, der det vart drive privatskule nokre år. No er det barenahge i bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Utvik skule, der det vart drive privatskule nokre år. No er det barenahge i bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Privatskule på prestegarden

Presten Eilert Patric Juul dreiv privatskule for unge gutar i prestegarden i Stryn på 1870-80-talet. Skuleforma var forløparen til dei kristelege folkehøgskulane. Då han seinare flytta til Aurland, starta han skule også der (sjå Skular i Aurland).

Skulemålet

Stryn kommune var den første i Sogn og Fjordane som tok nynorsk i bruk både i skulane og kyrkja. Like etter at Stortinget i 1892 vedtok at nynorsk kunne vere hovudmål i skulen, vart det innført i Stryn (sjå elles Jon Fridtun).

Første framhaldsskulen i Nordfjord

Arne Larsson Skarsten fødd 1824 i Innvik, var den første som starta framhaldsskule i Nordfjord. Han heldt også førebuande kurs for ungdom som ville gå lærarseminaret eller underoffiserskule. Kursa heldt han i Innvik, der han var kyrkjesongar.

Elevar ved eit vinterkurs på Fjordane amtsskule, truleg på 1880-talet. Lærarane er Elias A. Melvær (nr. 7 frå venstre) og R. M Rasmussen (nr. 5 frå venstre). Ukjend fotograf. Eigar: Randi Njøs Melvær/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved eit vinterkurs på Fjordane amtsskule, truleg på 1880-talet. Lærarane er Elias A. Melvær (nr. 7 frå venstre) og R. M Rasmussen (nr. 5 frå venstre). Ukjend fotograf. Eigar: Randi Njøs Melvær/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Amtsskulen i Fjordane

heldt frå 1886 til i Innvik nokre år. Skulen starta som Amtsskulen på Apalset i Gloppen 1876, men etter nokre år vart konservative krefter redde for den radikaliseringa som skulen førde med seg, og kutta driftstilskotet frå kommunen. Dermed vart skulen ”pressa” bort og hamna i Innvik nokre år. I den tida amtsskulen låg i Innvik, heldt skulen til i stova på Persbruket på Skåden. Den spesielle bustaden ”Minde” nede ved sjøen vart nytta som rektorbustad. Minde var ei avkorting for ”J.S. Cammermeyers Minde” fordi sokneprest Cammermeyer kring 1815 bygde hus og ein uvanleg hage med springvatn og eksotiske vekstar der. Minde vart i 1892 kjøpt av grunnleggjaren av Indvikens Uldvarefabrik, Wald P. Skaaden , og har sidan vorte nytta som bustad av Skaaden-slekta.

Ein annen kjend skulemann som fylgde med til Innvik, var mållagsmannen Elias Melvær Kjende personar i Askvoll fødde år 1800-1900. Han budde på Bechvoll Krigshistoria i Stryn. I 1900 kom amtsskulen, eller ”fylkesskulen” til Nordfjordeid, der den seinare vart heitande Fjordane folkehøgskule.

Husmorskulen i Stryn

I 1912 kom husmorskulen i gang, med Malene Sandved som første styrar. Fylket kjøpte i 1914 Hotell Central frå Peter Tenden som skulebygning.

Undervisningsbygningen på tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Undervisningsbygningen på tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mindresunde og Langvin jordbruksskular

I 1920 vart det starta jordbruksskule på Mindresunde. I 1944 kjøpte fylket den store prestegarden Langvin i Innvik, og flytta jordbruksskulen dit i 1950.

Snikkarskule

Elias Matiasson Sølvberg dreiv frå 1925 til 1939 privat snikkarskule i eit eldre hus i Utvik sentrum. Frå 1939 dreiv Innvik kommune skulen.

I denne bygningen dreiv Elias M. Sølvberg snikkarskule i Utvik. Foto: Bjørn Blindheim.

I denne bygningen dreiv Elias M. Sølvberg snikkarskule i Utvik. Foto: Bjørn Blindheim.

Kunstskule

I mellomkrigstida dreiv den nederlandske venen til millionæren William Henry Singer jr. i Olden, Jaap Doijward, privat kunstskule for unge målartalent. Mellom dei som har studert hos Doijward er Harry Botn frå Stårheim, og Kåre Sunde frå Innvik.

I Singer sitt atelier var det kunstskule. No er det galleri med utstilling av bileta hans. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Singer sitt atelier var det kunstskule. No er det galleri med utstilling av bileta hans. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn realskule

vart starta i 1937 av Sjur Skare, og driven som privatskule heilt til Stryn kommune gjennomførte obligatorisk ungdomsskule i 1956.

Stryn vidaregåande skule

Gymnasundervisning vart drive i regi av friundervisninga frå 1970, til den gjekk inn i Stryn vidaregåande skule i 1972.

Stryn Kulturskule

vart starta i 1988. Fram til 1999 var den rein musikkskule.

Nordfjord Fritidssenter med Bjørkelibakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordfjord Fritidssenter med Bjørkelibakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Leirskule

vart starta i 1998 og hadde frå starten plass til 40 elevar.

Nordfjord Fritidssenter

- sjå Stryn Leirskule.

Flo Fotballskule

Det sterke fotballmiljøet i Stryn med Flo-karane i spissen la i 1999 grunnlaget for Flo Fotballskule, som sommarstida held fotballkurs for unge fotballtalent mellom 7 og 14 år.

Norskundervisning

I samband med asylmottaket i Stryn er det sett i gang organisert undervisning i norsk for innvandrarar og asylsøkjarar.

DAGENS SKULAR I STRYN I 2010:

  • Stryn vidaregåande skule, Stryn.
Loen skule. Privat foto.

Loen skule. Privat foto.

Kommunale skular:

  • Oppstryn skule 1.-7. klasse
  • Storesunde skule 1.-7. klasse
  • Tonning skule 1.-7. klasse
  • Loen skule 1.-7. klasse
  • Innvik skule 1.-7. klasse
  • Nordsida skule 1.-7. klasse
  • Rand skule 1.-7. klasse
  • Stryn ungdomsskule 8.-10. klasse
  • Olden barne- og u.-skule 1.-10. klasse