Elevane ved Nesøy skule i 1960. Frå venstre: Per Inge Pedersen, Steinar Røed, Torunn (ukjent etternamn), Kjell Stølen og Else Nesøy. Ukjend fotograf. Eigar Johannes Nesøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Den første skuleordninga
Før 1870 var mest all skule i Solund organisert som omgangsskule. I byrjinga var Utvær skipreide organisert i ein indre og ein ytre skulekrins, med berre ein lærar i kvar I den ytre krinsen kom Torkjel Jensen Grytten som lærar i 1822, og var lærar i 50 år. 1833 er det registrert 204 skulepliktige born i dåverande Utvær kommune. Heilt fram til 1893 høyrde søre luten av noverande Solund kommune under Eivindvik skulekommune (sjå Kommunehistorikken i Solund). I 1853 vert det nemnt at det er tre skulekrinsar i denne delen av noverande Solund: Ein for ytre Solund, ein for Indrevær, og ein for indre Solund.
Indrevær fekk skule i 1844. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Indrevær
krins fekk den første fastskulen i 1844, men i delar av denne krinsen var det framleis omgangsskule i nokre år til.
Det gamle skulehuset på Hardbakke blir rive i 1963. Huset var i bruk som skule til 1957. Ukjend fotograf. Eigar: Ola Steinsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Hardbakke
fekk fastskule i 1870.
Hersvik
fekk fastskule i 1874.
Skulehuset i Hersvikbygda. No må elevane til Hardbakke for å gå på skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
17 krinsar på det meste
Fram til 1900 auka talet på krinsar sterkt, og var heilt oppe i 17. Det mest vanlege talet var 14 skulekrinsar. Men i 1897 var det berre kommunale skulehus i Hardbakke og Hersvik. Elles heldt ni til i leigde, faste skulelokale, og tre krinsar hadde framleis omgangsskule.
Det gamle skulehuset og utedoen på Utvær står framleis. Dette var landets vestlegaste skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Gylta
I 1897 kom det tredje faste skulehuset, på Gylta.
Berre to skulekrinsar att
I 1962 var det framleis 16 skulekrinsar i Solund, og då øya Losna ved kommune-reguleringa i 1965 vart lagt til, kom ein opp i til saman 17 skulekrinsar. Men utover på 1960-talet starta skulesentraliseringa. I 2002 har heile Solund kommune berre to skulekrinsar att: Hardbakke og Ytre Solund i Straumen ved Kolgrov.
Ytre Solund skule er ein av dei to skulane som er att i Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Overgang til nynorsk skulemål
Den første skulekrinsen la om til nynorsk skulemål i 1906, og alle skulekrinsane hadde gått over til nynorsk i 1920.
Denne skulebygningen på Hardbakke vart teken i bruk i 1957. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Framhaldsskule og ungdomsskule
Solund kommmune var mellom dei første i fylket til å bygge ut 9-årig ungdomsskule. Som ei startordning, vart det frå 1961 sett i gang linedelt framhaldsskule på Hardbakke. Nye Hardbakke skule med ungdomsskule vart opna i 1966. Kommunen bygde elevpensjonat for ungdomsskuleelevar som ikkje kunne reise til og frå med skulerute. I kombinasjon med elevpensjonatet vart det drive vanleg pensjonat i bygget. Etter at ordninga med elevpensjonat vart avvikla, vart Solund Pensjonat drive som vanleg pensjonat, og heiter frå 2002 Hardbakke Gjestehus og Kafé.
Dagens skular:
(Tal frå 2001)
- Hardbakke skule 1.-10. klasse - 106 elevar
- Ytre Solund skule 1.-7. klasse - 21 elevar
Den nyaste skulebygningen på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.