Frå ei 17.mai-feiring ved Horstad skule på slutten av 1920-talet. Ukjend fotograf. Frå ”Naustdal 100 år jubileumsskrift.
Den første skuleordninga i Naustdal
Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld (Naustdal og Førde kommunar) vart sette opp i 1743.
Naustdal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Naustdal
Det første faste skulehuset vart bygt i Naustdal i 1862. I 1901 bygde kommunen kombinert kommune- og skulehus i Naustdal. I Naustdal sentrum vart det bygd ny, kombinert barne- og framhaldsskule i 1958.
Gamle Horstad skule, bygd i 1895. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Horstad
fekk eige skulebygg i 1895.
Kvellestad
fekk eige skulebygg på Kleiva i 1895. Grendaskulen der vart lagd ned i 1967.
Vevring skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Vevring
fekk første faste skulebygget i 1896.
Fimland
skulehus vart bygt i 1902, og var i bruk til 1981 då Instedalen fekk ny skule, og krinsane Savland, Neset og Fimland vart nedlagde. Også på Nes var det tidlegare eigen skule for dei inste grendene i dalen.
Skulehuset på Fimland frå 1902 var i bruk som skule til 1981. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Ullaland
skule vart bygd i 1902 for borna i Midtredalen. Nyeskulen på Kalland stod ferdig i 1978. Også på Byrkjeland var det eigen skulekrins tidlegare.
Engebø og Gryta krins
fekk skulehus kring 1906. Skulen vart lagd ned i 1963 og huset rive i 1974.
Skulehuset som vart bygt i Redal i 1924. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Redal
fekk skulehus i 1924.
Frammarsvik
fekk fast skulehus i 1926. Her gjekk borna i grendene frå Andalen og inn til garden Holmeset.
Tidlegare Frammarsvik skule er no bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Savland
skule heldt til i ei leigd stove på Savland heilt til slutten av 1930-talet. Då kjøpte kommunen eit hus i Sundet som vart nytta til skulehus.
Dettidlegare skulehuset på Savland. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Åsedalen
fekk eige skulehus i 1950. Det vart bygt av materialar frå ei tyskarbrakke som kommunen hadde kjøpt. Heilt fram til då hadde krinsen hatt omgangsskule.
Helle
var lenge driven som omgangsskule, og ei stove i Larstunet vart mykje nytta. Seinare var det skule i Gunnartunet. Første kravet om eige skulehus i Helle vart reist i 1908, men bygda fekk ikkje eige skulebygg før i 1955. I 1931 starta Vevring kommune ein særskule for Gjøringebøen fordi skuleborna der hadde vanskeleg skuleveg. Denne skulen låg på Vassenden. Samstundes med opninga av nyeskulen på Helle i 1955 vart Gjøringebø skule lagd ned og borna flytta over til Helle.
Gjøringebø skule
- sjå Helle.
Skulehuset på Helle vart bygt i 1955, og skulen vart lagd ned i 1993. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kveldsskule for ungdom
Josef Grimeland (sjå denne) var frå 1864 til 1871 lærar i Fimland skulekrins. Seinare arbeidde han som lærar i Horstad krins i 16 år. Grimeland dreiv kveldsskule for ungdom i den tida har var lærar i Naustdal.
Sunnfjord Ungdomsskule
vart starta i 1902 i Naustdal av haugianarane med Torbjørn Horten frå Aurland i spissen. I Naustdal heldt ungdomsskulen til i det nybygde kommunehuset, der også folkeskulen hadde plass. Den første tida var det ”Ungdomsvennenes Forening” som dreiv skulen. I 1906 tok Indremisjonen over skulen, og den flytta i 1909 til Førde, etter at Førde Sparebank i 1908 ”avgjorde” stadvalet ved å gje ei pengegåve på 10.000 kroner og fri tomt til skulen der. Les meir om Sunnfjord Ungdomsskule under Førde kommune.
Målstrid i skulen
I skuleverket braut det ut målstrid då alle krinsane, med unntak av Naustdal, gjekk inn for nynorsk som undervisningsmål ved ei rådgjevande folkerøysting i 1907. Bokmålsfolket kravde nye folkerøystingar og trenerte saka, slik at nynorsk ikkje var innført i alle skulane i Naustdal før i 1920. I Vevring kommune fekk småskulen nynorsk i 1908, og dei fleste krinsane fekk nynorsk på alle klassetrinna i 1920, med unnatak av Vevring, der bokmålet heldt seg som skulemål til 1934.
Forming på Horstad skule. Foto: Randi Indrebø, NRK.
Protest mot skulesentralisering
I Naustdal kommune har det vore ein årelang strid mellom sentrum og utkantar om skulestrukturen.
Dagens skular:
- Vevring skule (1.-7. kl.) 30 elevar (Frå skuleåret 2012/2013: 1.-4. klasse).
- Naustdal barne- og ungdomsskule (1.-10. kl.) 287 elevar.
- Dalen skule avd. Horstad (1.-7. kl.) 30 elevar (Blir lagd ned frå skuleåret 2012/2013).
- Dalen skule avd. Midtredalen (1.-7. kl.) 45 elevar.
Dalen skule avd. Horstad var i drift fram til skuleåret 2012/2013. Foto: Ottar Starheim, NRK.