Skular i Hyllestad

Hyllestad skule er frå 2002 den einaste skulen i kommunen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad skule er frå 2002 den einaste skulen i kommunen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Målforma i skulen

Kolgrov krins var den første skulen med nynorsk skulemål i 1908, der Kolbjørn E. Kolgrov var aktiv. Vedtaket var samrøystes, men etterpå vart det kvass målstrid. På eit riksmålsmøte reiste ein eldre kar seg og kravde at ein «berre brukte det målføret som profetane talar, og ikkje nynorsk – som ingen skjønar!» Motstanden mot nynorsk heldt seg lenge i mange skulekrinsar: Sist ut var Øn krins så seint som i 1950.

Lærar og storskuleelevar ved Øn skule i 1940. Framme frå venstre Olav Strand, Anna Torry Hatlem, Ruth Skivenes Heimark, Edith Drøsdal, Ella Huke, Anna Leirpold og Alf Strand. Bak frå venstre Oddvar Rye, Olav Øen, lærar Fritjof Vik, Gunnar Sørebø, Leif Kvellestad, Ingolf Johannesen, John Hauge og Bjarne Hansen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Elevane ved Åfjorddalen skule i 1933. Lærar Brita Skeide står i midten. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Elevane ved Åfjorddalen skule i 1933. Lærar Brita Skeide står i midten. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ulvik skule på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ulvik skule på 1920-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Lærar Orlaug Sognnes med elevane sine ved Skor skule 1944/45. Elevane er Oddny Skår, Kristine Ullebust, Bjørg Holten, Ivar Gåsøy, Sigmund Holten, Sigurd Gallefoss, Harald Røstenskar, Bernt Solås, Sigurd Røstenskar og Håkon Solås. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ungdomsskulestriden

Sverre Aas, som seinare vart fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane var på 1950-talet styrar ved Leirvik barneskule. Han tok initiativet til at det skulle skipast linedelt ungdomsskule i Hyllestad, og at denne skulle byggjast på Salbu. Både teikningar og modell for skulebygget vart utarbeidde. Framlegget vart møtt med protestar m.a. frå Leirvik, og det vart ein hard og bitter skulestrid. Kommunestyret samla seg til slutt om å plassere ungdomsskulen i Hyllestad. Ungdomsskulen starta i 1971. Sidan skulebygget i Hyllestad ikkje var ferdig før i 1973, måtte ungdomsskulen drivast delt dei to første åra. Elevar frå indre heldt til på Leirvik skule og elevane i ytre på Øn gamle skule.

Tidlegare Skifjord skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Skifjord skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skuleavisa «Heim og skule»

Skulestyrar ved Leirvik skule, Sverre Aas (sjå ovanfor om ungdomsskulen), starta i 1955 ei skuleavis for Hyllestad som heitte «Heim og skule». Skuleavisa var for si tid eit sjeldsynt tiltak, og inneheldt m.a. artiklar og elevstilar i tillegg ymse smånytt. «Heim og skule» låg nede frå 1963 til 1967, då lærar Per Bygnes tok ho opp at og var redaktør fram til 1999, då ho vart lagd ned.

Dagens skular:

  • Hyllestad skule (1. - 10. klasse) 205 elevar.

(Øn og Leirvik skular vart lagde ned i 2002.)

Leirvik skule vart lagd ned i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik skule vart lagd ned i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øn skule vart lagd ned i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øn skule vart lagd ned i 2002. Foto: Ottar Starheim, NRK.