Elevar på Halbrend skule i aktivitet på kunstgrasbana ved skulen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Den første skuleordninga i Førde
Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld (Naustdal og Førde kommunar), den såkalla skulefundasen, vart sette opp i 1743.
Ungdomsskule og bydelsskular
Fram til 1974 var det berre ein grunnskulekrins i Førde sentrum. I 2010 er det fem barneskular i sentrum, i tillegg er det fire barneskular i bygdene utanom Førde sentrum.
Førde barneskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK
Mo Jordbruksskule
var den andre jordbruksskulen i Sogn og Fjordane, grunnlagt i 1858.
Mo og Jølster vidaregåande skule
- sjå Mo Jordbruksskule.
Mo Jordbruksskule rundt 1900. Foto: Kirkhorn.
Amtsskulen på kort visitt i Førde
Amtsskulen var i Førde 1886-1891 med E. M. Hole som lærar.
Sunnfjord Ungdomsskule
Starta i Naustdal i 1902 etter initiativ frå haugianaren Torbjørn Horten frå Aurland.
Sunnfjord Folkehøgskule
- sjå Sunnfjord Ungdomsskule.
Sunnfjord Folkehøgskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Middelskule og realskule i Førde
I 1917 vart det starta toårig mellomskule i privat regi. Frå 1930 heitte den Førde framhalds- og mellomskule. Både denne og barneskulen heldt til i skulebygget frå 1894 i Kyrkjevegen.
Førde realskule
- sjå artikkelen Middelskule og realskule i Førde.
Førde Metallfagskule
vart grunnlagd i 1935. Skulen hadde 14 elevar første året, og vart offisielt kalla Sogn og Fjordane Metallfagskole frå 1937.
Sogn og Fjordane Metallfagskole
– sjå Førde Metallfagskule.
Fylkesyrkesskulen i Førde
– sjå Førde Metallfagskule.
Førde Yrkesskule
– sjå Førde Metallfagskule.
Øyrane vidaregåande skule
– sjå Førde Metallfagskule.
Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Gymnasundervisning i krigsåra
Mellom 1944 og 1946 vart det starta gymnasundervisning i Førde, drive av kommunen.
Sogn og Fjordane Husstellskule
Husmorskulen vart starta i 1947 i Sivertsens Hotell i Førde, og flytta i 1957 inn i nybygg på Prestebøen.
Førde Gymnas
kom i gang i 1970.
Hafstad vidaregåande skule
- sjå Førde Gymnas og Førde Handelsskule.
Førde Handelsskule
starta i 1965 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad med Rolf Thingvold som styrar. Skulen vart integrert i Hafstad v.g. skule i 1993.
Førde Tekniske Fagskule
To-årig skule starta i 1968 etter initiativ frå rektor Erling Laberg ved Førde Yrkesskule.
Fagskulen i Førde
- sjå Førde Tekniske Fagskule.
Høgskulen i Sogn og Fjordane på Vie ved Førde Sentralsjukehus (Høgskulen er den nærmaste bygningen). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Høgskular i Førde
I samband med opninga av Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i 1979, vart det starta sjukepleiarhøgskule i eit bygg like ved sjukehuset.
Høgskulen i Sogn og Fjordane - HSF
- sjå Høgskular i Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane under Sogndal kommune.
Pedagogisk servicesentral
Forsøksrådet for skuleverket skipa kring 1970 såkalla pedagogiske servicesentralar i spreiddbygde nynorskdistrikt. PTK-kontoret for indre Sunnfjord vart plassert i Førde.
Førde Norsksenter
vart starta i 1998. Norsksenteret gjev norskundervisning til innvandrarar og hadde hausten 2007 i alt 105 elevar frå 32 land. Gjennomsnittleg vert det undervist i norsk til innvandrarar frå 25 land. Skulen har i 2008 sju faste stillingar og har undervisningslokale på Sanderplassen. I 2002 finst liknande skular for norskopplæring i Florø, Stryn. Gloppen, Sogndal og Aurland.
Nynorsk Mediesenter
Styret i Norsk Rokskringkasting vedtok i 2003 å skipe eit nynorsk kompetansesenter knytt til distriktskontoret i Sogn og Fjordane.
Trafikkskulen AS
vart starta i Førde i 2007 av 20 transportverksemder i Sogn og Fjordane. Målet er å utdanne 60-80 yrkessjåførar i året. I ”bilbyen” Førde er det i 2008 i alt sju andre, ”vanlege” trafikkskular: Førde Trafikkskule AS, TKT Trafikkskule, Abc Trafikkskule AS, BCD Trafikkskole, Odden Trafikkskole, Hatlestad Sunnfjord Trafikkskole AS og Per’s Trafikkskole.
Flatene skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kommunale barne- og ungdomsskular i 2007:
- Førde ungdomsskule (8.-10.kl.) 308 elevar
- Førde barneskule (1.-7.kl.) 218 elevar
- Halbrend barne og ungdomsskule (5.-10.kl.) 356 elevar
- Flatene barneskule (1.-4.kl.) 276 elevar
- Slåtten skule (1.-7.kl.) 382 elevar
- Frøysland skule (1.-7.kl.) 15 elevar
- Holsen skule (1.-7.kl.) 25 elevar
- Sunde skule (1.-7.kl.) 41 elevar
- Karstad skule (1.-7.kl.) 22 elevar
- Angedalen skule (1.-7.kl.) 37 elevar
Halbrend barne- og ungdomsskule med Førde sentrum i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK