Eid vidaregåande skule vert driven av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Ottar Starheim, NRK
I Eid kommune finn vi nokre av dei eldste og sterkaste skuletradisjonane i Sogn og Fjordane. På ein einbølt gard ved Hornindalsvatnet starta den unge Hans Holmøy sin eigen arbeidsskule i 1858. På Nordfjordeid vart det starta middelskule i 1891, og frå 1900 kunne lærelysten ungdom reise til Eid for å gå på amtsskule. I 1922, samstundes med Firda Gymnas på Sandane, starta Eid kommune Eids 2-årige gymnas, og sidan har ein kunne lære seg både sirkuskunstar, operasong og kunstmåling i det varierte undervisningstilbodet i kommunen.
Folkeskulen i Eid
Den første skuleordninga for folkeskule i Eid vart organisert ved den såkalla «skulefundasen» i 1743.
Holmøy Arbeidsskule
vart skipa i 1858 av den 27 år gamle Hans Holmøy. Dette var første arbeidsskulen/snikkarskulen i sitt slag i Skandinavia.
Eids kommunehus, der Fjordane folkehøgskule heldt til fram til brannen i 1972.
Fjordane folkehøgskule
Fjordane Folkehøgskule er rekna som vidareføringa av Fjordenes Amtsskule. Skulen driv i dag m.a. med sirkus-utdanning, og om somrane vert det arrangert samlingar for symfonikarar. Friluftsliv er er av dei viktige linene ved skulen.
Fjordenes Amtsskule
– sjå Fjordane folkehøgskule.
Fjordane Fylkesskule
– sjå Fjordane folkehøgskule.
Eid Realskule
Eid Middelskole - seinare kalla realskule - vart skipa i 1891 av krigskomissær John Myklebust. Rasmus Torvik (1877–1950) og Jac. Jacobsen (1912–2005) hadde kvar mange år som rektorar ved skulen. Middelskulen vart seinare kommunal toårig realskule, som i 1970 vart avløyst av ungdomsskulen.
Elevflokken og lærarane ved Eids Gymnas og Eid Realskule i 1954. I lys frakk i fremste rekkja rektor Andreas Berg.
Eids gymnas, to-årig
vart skipa i 1922 etter m.a. initiativ frå krigskommissær John Myklebust. På 1970-talet gjekk gymnaset inn i Eid vidaregåande skule.
Eids Gymnas
- sjå Eids gymnas, to-årig.
Eid vidaregåande skule
- sjå Eids gymnas, to-årig.
G. Kragseths Handelsskole
vart skipa i 1932 av Georg Kragseth som dreiv skulen som privatskule i eigne lokale på Mel fram til 1966.
Eid Handelsskule
frå 1965 - sjå G. Kragseths Handelsskole.
Underoffiserskule
På Eksersisplassen på Nordfjordeid, tilhøyrande IR-10, vart det i bolkar drive utdanning/trening av underoffiserar. Under 2. verdskrig dreiv tyskarane også ei tid utdanning av underoffiserar i leiren sin på Nordfjordeid. Sjå også skogrekruttskulen ovanfor.
Skogrekruttskule på Nordfjordeid
I mellomkrigstida vart det også drive noko som vart kalla skogrekruttskule på eksersisplassen på Nordfjordeid. I vernepliktslova frå 1929 vart det opna for at rekruttar også kunne gjere samfunnsnyttig arbeid, og det var kaptein Jon Dugstad (1890 – 1980) som kom opp med ideen om at soldatane kunne nyttast m.a. til skogplanting. Arbeidet gjekk i regi av Det norske skogselskap, og kursa varde i 48 dagar. Men skogrekruttskulane deltok også i jorddyrking og vegbygging. Slik vart det m.a. skipa ein skogrekruttskule på Nordfjordeid som m.a. dreiv vegbygging i Hjelmelandsdalen.
Avdelinga for yrkesfag ved Eid vidaregåande skule heldt i 2007 til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Eid Yrkesskule
vart skipa i 1972 då faglinene frå Holmøy Arbeidsskule vart flytta til Nordfjordeid under nemninga Eid yrkesskuleklassar. Namnet vart seinare endra til Eid yrkesskule. I 1992 vart yrkesskulen ein del av Eid v.g. skule.
Hjelle skule