Gjelsvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I Askvoll kommune har det fram gjennom tida både husmorskule, middelskule og realskule, og kommunen var på nippet til å få gymnas på byrjinga av 1920-talet. Husmorskulen som starta i Holmedal i 1877 var ein av dei første av dette slaget i landet. Tanken var at jentene som gjekk der, skulle vende heim etter endt utdanning arbeide som misjonærar for betre matvanar og større reinsemd i husstellet.
Første skulen i Askvoll
Fram til 1859 heldt folkeskulen i Askvoll til i ein bygning som vart kalla «Bispestova» i Prestegarden. Deretter vart skulen flytta til Klokkargarden, og i 1921 til ny skulebygning i Straumen for krinsane Askvoll, Ringstad og Olset (sjå Skulesentralisering i Askvoll).
I Askvoll er det som elles i fylket ei lang rekkje nedlagde skular. Dette er Rivedal med gamleskulen midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Andre folkeskular som ein kjenner byggeåret til:
Kvammen skule
Første skulehuset i Kvammen vart bygt i 1899.
Gjelsvik
fekk skulehus i 1901. Her var Ole Bergesen Eikeland lærar fram til 1912. Huset vart rive i 1976, og bygda fekk ny og moderne skule.
Stongfjorden skule
vart bygd i 1918. I 2008 vart dei tre øvste klassestega flytta til Askvoll.
Stongfjorden skule. Skulehuset vart bygt i 1918 og er seinare påbygt. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Fylkets første husmorskule i Holmedal
Husmorskule/amtsskule for jenter vart starta på Holmedal gard i 1877.
Skulesentralisering i Askvoll
I 1921 skjedde ei av dei første store skulesentraliseringane i Sunnfjord ved at dei tre krinsane Askvoll, Ringstad og Olset vart slegne saman.
Atløy skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Stongfjorden middelskule
vart starta i 1933 med seks elevar.
Realskule og gymnasplanar i Askvoll
Under 2. verdskrig vart det starta privat realskule i Askvoll i 1941.
Ungdomsskulen i Askvoll
- først sentralisert, og så desentralisert.
Gamle Værlandet skule. Foto: Ruth Bakke.
Dagens skular:
- Askvoll (1.-10. kl.)
- Gjelsvik (1.-10. kl.)
- Bulandet (1.-10. kl.)
- Atløy (1.-7. kl.)
- Stongfjorden (1.-4. kl.)
- Holmedal Montessoriskule (privatskule) - sjå Skulesentralisering i Askvoll.
Bulandet skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.