Skifjord Trevarefabrikk A/S

Skifjord Trevarefabrikk i 1969. Nokre få år seinare vart fabrikken totalskadd av brann. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Skifjord Trevarefabrikk i 1969. Nokre få år seinare vart fabrikken totalskadd av brann. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kristian og Aksel Myklebust starta kassefabrikk på garden Myklebust ved Skifjorden på 1920-talet.

På garden var det planta mykje skog, og der var sagbruk frå gamalt av. I 1931 bygde folket privat elektrisitetsverk, og i 1937 skipa Kristian og Olav Myklebust, Bernhard Vassenden og Nikolai Teige Skifjord Trevarefabrikk A/S.

Dei bygde m.a. fabrikk i to etasjar og andre bygningar nede ved fjorden. Her var det plass til både kassefabrikken, sagbruket, høvleri og snikkarverkstad for produksjon av møblar og bygningsartiklar som dører og glas.

Verksemda vart totalskadd av brann på 1970-talet. Møbelfabrikken vart då flytta til nybygde kommunale industriutleigebygg i Sørbøvågen (sjå også Jo-Ry Bygg og Solås Plast AS) og var i drift der til 1980-talet. Kristian og Aksel Myklebust bygde i mellomkrigstida også Skifjorden Mølle som dei dreiv nokre år etter andre verdskrig. Sjå også Leirvik Mølle under «Industri og næring i Hyllestad».