Senterpartiet i Sogn og Fjordane

I 1920 vart det vedteke at Norsk Landsmannsforbund (seinare Norges Bondelag) skipa 1896, skulle skipe eit politisk parti med namnet Bondepartiet. I 1959 skifta partiet namn til Senterpartiet.

Bondepartiet i Sogn og Fjordane vart skipa den 18. februar 1921. Første formann vart Rasmus Bruvoll frå Olden. Olav Karstad, som også vart kjend som arkitekten bak skipinga av Vestlandske Salslag i Førde og mangeårig styrar ved Mindresunde landbruksskule, vart første sekretær. Lensmann Anfin Anfinson Øen i Vik vart første stortingsrepresentant for Bondepartiet i 1922. Han hadde tidlegare representert Venstre på Stortinget.

Rasmus Bruvoll var første fylkesformannen.

Rasmus Bruvoll var første fylkesformannen.

To lokalaviser i fylket var partiaviser for Bondepartiet: Sogns Avis som kom ut i Vik, og Firda Tidend på Sandane.

Bygdefolkets Ungdomsfylking - Senterungdommen

organiserte seg med eige lag i byrjinga av 1950-åra. Ingebrigt Lindvik frå Eid vart tilsett som den første løna fylkessekretæren, og fungerte fram til 1936 då Eirik Rygg, Gloppen overtok fram til 1949. Frå 1949 til 1956 var Ingebrigt Eri, Lærdal, fylkesekrætær, og frå 1956 var han også fylkesformann i mange år. Reidar Mardal, Gloppen, var fylkessekretær frå 1956 til 1994. Sidan 1994 har Per Rune Vereide, Gloppen, vore fylkessekretær.

Knut M. Olsen (t.v.) og Erling Sande. Olsen vart i 2010 tilsett som generalsekretær i Senterpartiet på landsbasis, og Sande er stortingsrepresentant så lenge Liv Signe Navarsete er statsråd. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Knut M. Olsen (t.v.) og Erling Sande. Olsen vart i 2010 tilsett som generalsekretær i Senterpartiet på landsbasis, og Sande er stortingsrepresentant så lenge Liv Signe Navarsete er statsråd. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.