Samferdsle i Selje

Stadhalvøya frå lufta på ein dag med stille og klart ver. Til venstre ser vi Selje sentrum med Seljeøya, ytst til høgre ser vi Leikanger. Vi kan skimte vegen frå Selje til Sandvik tvers over halvøya litt under midten av biletet. Foto: Stig Silden.

Stadhavet er rekna som eit av dei mest vêrharde opne havstykka langs Norskekysten. Frå forhistorisk tid har seglande difor drege mindre båtar over land.

Vegar i Selje

Vegen over Dragseidet er ein av dei eldste offentlege vegane i Noreg.

Ferdsla på sjøen i Selje

Eide i Moldefjorden var den første stoppestaden for fylkesbåtrutene i Selje i 1862.

Post i Selje

Frå 1823 gjekk postruta Ålesund-Bergen over Mannseidet mellom garden Eide i Moldefjorden og til garden Einehaugen på Kjøde-sida. På Eide var det postopneri.

Telefon i Selje

Selje fekk rikstelefon i 1899.

Rutebilar

Johannes Ervik starta på 1930-talet passasjer- og postkøyring til bygdene på Ytre Stadlandet. Rutene hadde korrespondanse med rutebåtar på Leikanger (til Møre) og i Selje (Fylkesbaatane). Gullik M. Hoddevik tok seinare over i same ruta.