Samferdsle i Luster

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Ein av dei eldste køyrevegane i Sogn gjekk mellom Solvorn/Hafslo og Nagløyri ved Barsnesfjorden ved Sogndal. Frå gamal tid har vegen over Sognefjellet vore hovudsambandet mot Vestlandet for dalfolket i Ottadalen. Elles var det drifte- og handelsvegar mellom Jostedalen og Nordfjord over bréen, og frå Kroken til Øvre Årdal.

Gamle ferdsle- og driftevegar i Luster

Frå gamalt av har det vore ferdsel over Sogndejellet, og mellom Jostedalen og Nordfjord var det samkvem over brén.

Køyrevegar i Luster

I 1848 vart det råd å køyre med hest og kjerre frå Sogndal til Marifjøra.

Rutebilselskap i Luster

Dei første bilrutene mellom Sogndal og Hafslo/Gaupne/Jostedal vart starta i 1916.


Ferdsla til Veitastrond

Stor rasfare langs Veitastrondsvatnet har gjort det utfordrande å ferdast til og frå bygda, og veitastrendingane har lært seg å improvisere.

Ferdsla på fjorden i Luster

Døsen i Luster fekk rutestopp då dei første rutene til Fylkesbaatane starta i 1858.

Jernbaneplanar gjennom Jostedalen

Jernbane i lang tunnel under Handspiki frå Jostedlaen til Ottadalen var mellom dei store jernbaneplanane tidleg på 1900-talet.

Planar om flyplass i Gaupne

På 1970-talet var det på tale å byggje ein flyplass på Grandane i Gaupne.

Posten i Luster

Solvorn og Luster var dei to første bygdene som fekk postkontor. Det skjedde i 1841.

Telefon i Luster

I 1899 fekk dei åtte første bygdene i noverande Luster kommune rikstelefon. Først 24 år seinare kom turen til Veitastrond.