Samferdsle i Aurland

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

I 2000 opna kong Harald V den lengste vegtunnelen i verda – Lærdalstunnelen - og opna dermed det første ferjefrie stamvegsambandet mellom Oslo og Bergen. Samstundes fekk Aurland heilårs vegsamband med resten av Sogn og Fjordane. Dei nye tunnelane har med eitt gjort den tidlegare isolerte Aurland kommune til eit knutepunkt i vegsambanda frå Vestlandet og austover gjennom Valdres og Hallingdal.

I tillegg skil Aurland seg frå resten av Sogn og Fjordane ved at dei har ei jernbanestrekning - Flåmsbana - som i dag først og fremst er ein turistattraksjon.

Vegar i Aurland

- om alt frå driftevegar til verdas lengste vegtunnel på stamvegen mellom Oslo og Bergen.

Ferdsla på fjorden i Aurland

Heilt fram til 1988 måtte alt samband mellom dei vestlegaste bygdene og kommunesenteret på Vangen gå med båt. Fjordisen låg ofte tjukk og hindra rutebåtane i å gå inn fjordane. Då måtte bygdefolket nytte isbåt eller redningsplanke for å nå trygt ut til båten ved iskanten.

Jernbanehistoria i Aurland

Mindre kjent enn Flåmsbana er nok den harde striden på slutten av 1800-talet då ein striddest om kva for ei line som skulle veljast for det nye jernbanesambandet mellom Bergen og Oslo: Bergensbanen.

Flåmsbana

Flåmsbana vart opna i 1940, men har for lengst tapt si opphavelege meining som hovudåra for person- og tungtransport austover frå dei sørlege lutane av Sogn og Fjordane. I staden har Flåmsbana vorte ein av dei sterkaste turistmagnetane i Noreg, der den kliv dei bratte kleivane opp frå Flåmsdalen mot Myrdal stasjon.

Post i Aurland

«Urland postopneri» vart opna i 1841. Men dette første postkontoret låg ikkje i Aurland, slik namnet kan tyde på, men i Gudvangen.

Telegraf og telefon i Aurland

Telegraflina Oslo-Bergen vart opna i 1858, og alt i 1889 bygde Vestlandske Telefonkompani den første telefonlina i Sogn og Fjordane frå Voss til Gudvangen.