Rovdyrplaga i Gaular

Foto: colourbox.com.

Foto: colourbox.com.

Midt på 1800-talet starta ei planmessig utrydding av dei store rovdyra i Noreg. I 1856 vart det fortalt at Jens Olsen Kårstad og Rognald Hestebeit var hyra av kommunestyret som rovdyrjegerar.

Ulven var truleg utrydda i Gaular på 1860-talet, medan siste soga om bjørnejakt skriv seg frå Eldalsdalen i 1884, då eit stort lag jakta på ein bjørn som var jaga over frå Haukedalen. Eit jaktlag kom på to meters hald av bjørnen som låg og sov. Men motet svikta hos skyttaren. Bjørnen vakna og la på sprang. Dei skaut etter han, men trefte ikkje. Seinare vart bjørnen skoten på Sogne-sida av fjella.

I kamp mot ulven på Bell

Ei segn fortel om ein mann frå Bell som ein vinterkveld skulle levere tilbake ein bryggjeså som han hadde lånt på Fylling. Han gjekk over isen på vatnet då han vart angripen av ulvar. Mannen gøymde seg under bryggjesåen, men ulvane var etter han med kjeft og labbar. Han hogg etter labbane med kniven, og då ulvane kjende blodlukta, gjekk dei til åtak på kvarandre. Slik berga mannen under bryggjesåen livet.

- Dette er truleg ei vandresoge. Du finn nøyaktiv same historia frå Gjengedalsmarka i Hyen (sjå Rovdyrsoger i Gloppen).

I kamp med bjørn

Ein gong kring 1800 skulle Gamle-Lars Hestad frå Hestadgrenda ved Dalsfjorden til fjells og hogge ved. Då kom han over ein bjørn som gnog på ei av geitene hans. Lars ville jage bjørnen bort, men i staden gjekk bjørnen til åtak på Lars og braut han under seg. Lars fekk rive opp kleda og vart ille tilreidd før han greidde å hogge bjørnen i hovudet med øksa slik at den rømde. Lars berga seg heim, men vart liggjande i mange veker før han kom seg etter kampen med bjørnen.