Reinveiding og koparfunn

Året 1700 kom to Årdalsbønder på reinsjakt over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei bergverksdrift som eksisterte i 62 år.

På 1600- og 1700-talet var det stor interesse mellom pengefolk for bergverksdrift, og både nordmenn og utlendingar leita i den norske fjellheimen etter drivverdig malm - særleg kopar, sølv og gull.

Dei første som kravde retten til Årdals-koparen, var statthaldar Friderik von Gabel og politimeister Heinrich Blat, som tidlegare hadde drive som apotekar i Bergen. Dei kravde retten kvar for seg, og etter mange rettssaker sigra Blat.

Les meir om: