Per Svein Reed starta det som førde til mange arbeidsplassar i Breim. Foto: Randi Indrebø, NRK.
Reed Foto AS vart grunnlagt i Breim i 1986 av Per Svein Reed.
Selskapet skaffa tidleg telefotoutstyr som gjorde det mogeleg å ta oppdrag for aviser. Reed Foto fekk store oppdrag i samband med OL på Lillehammer 1994, og skapte dermed grunnlag for å satse nasjonalt.
Eurofoto i 2000
Per Svein Reed skipa i år 2000 selskapet Eurofoto A/S, som satsar på bruk av digital foto-teknikk, og har både aviser og internett-selskap som kundar. Reed Foto hadde i år 2000 ein omsetning på fire millionar kroner, og Eurofoto AS 1,5 millionar kroner.
Frå produksjonslokala til Eurofoto. Foto frå TV-reportasje: Torje Bjellaas, NRK.
Rettstvist med Norsk Aller
Omsetninga i Eurofoto auka raskt, og det store mediekonsernet Norsk Aller kom med som eigar. I 2004 hadde Eurofoto ei omsetning på vel 21 millionar kroner, og hadde 32 tilsette i 2006. Etter at Eurofoto overtok selskapet Mine Bilder auka verdien av Eurofoto AS sterkt. Dette førde til strid mellom dei gamle eigarane og Norsk Aller om eigarskapet i Eurofoto, ein strid som enda med forlik i 2006. Etter dette eig Norsk Aller 34 prosent av aksjane i Eurofoto, og dermed er største eigar.
Datasafe i 2006
I 2006 starta Per Svein Reed og Atle Hauge fotoforretninga Datasafe AS, som lagar og sel bilete for fagfotografar. Same året vart det skipa eit nytt dotterselskap i med base i Oslo; Eurofoto International AS, som skal satse på den internasjonale marknaden innan digitale fototenester.
Eurofoto overtok lokala etter Reed Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Intele i 2007
I 2007 gjekk selskapet inn i det nyskipa konsernet Intele AS som har kring 60 heiltidstilsette og 50 personar på deltid. Intele har hovudkontor i Gloppen kommune. I 2009 var gründeren Per Svein Reed ute av Intele AS. I 2010 starta han selskapet IKON-fotografene, der det m.a. blir filma og fotografert frå eit modellhelikopter selskapet har kjøpt.
Fovea i 2010
I 2010 selde Intele AS Reed Foto til Fovea AS. Seinare same året vart Eurofoto selt til Japan Photo Holding Norge.