Realskule og gymnasplanar i Askvoll

Audun Wåge.

Audun Wåge.

Under 2. verdskrig vart det starta privat realskule i Askvoll i 1941. Styrar var Audun Wåge (1919-1988) frå Vågsvåg ved Måløy, og han hadde med seg to lærarar.

Skulen var i drift frå 1941 og heilt til ungdomsskulen vart innført i 1967. Realskulen heldt førsta 20 åra til i folkeskulebygget i Straumen, men vart, saman med framhaldsskulen, flytta til eit bygg på Ask som inneheldt klasserom, gymnastikksal, symjehall og internat.

Om Audun Wåge: Sjå også artikkelen Handel, hermetikk og brann på «Gamlekaia».

Men gymnaset glapp

Då ungdomslaga i Sunnfjord og Nordfjord tok opp tanken om å skipe eit gymnas i Fjordane, vart det m.a. gjort framlegg om Askvoll som skulestad. Men Sandane vann drakampen, og Firda Gymnas kom i drift der i 1922. På 1950 vart det på nytt arbeidd med planar om å få gymnas til Askvoll. Kommunen hadde til og med peika ut det området som no er idrettsplass som ei høveleg tomt for gymnaset, men kravet vann ikkje fram.