Rasmus Monsson Dahl

Rasmus Monsson Dahl (1745–1815) frå Naustdal. Gjestgjevar i Naustdal, og ein av dei mest velståande som har budd i bygda.

I tillegg til garden Naustdal, eigde Dahl ei mengd gardar i heile Sunnfjord. Han hadde jekt, fiskestove i Batalden og ei mengd fiskebåtar og robåtar. I buet etterlet han seg sølvkanner og verdfulle møblar, importert frå utlandet.