R.J. Nord & Co

vart skipa av Torgils Kambestad i 1930 då han kjøpte seg inn i hurtigruteekspedisjonen i Måløy og vart dagleg leiar.

Grunnleggjaren Rasmus J. Nord kom frå Nord i Eid kommune og hadde starta som betjent og båtekspeditør hjå Friis-folket på Moldøen, før han sjølv tok over som ekspeditør for hurtigruta. Nord dreiv agenturforrening i tillegg. Torgils Kambestad frå Vikebygd i Hardanger kom til Måløy i 1922 som banksjef i Ulvesund Kreditbank.

Då denne gjekk konkurs i 1928, arbeidde Kambestad ei tid som revisor. Då R.J. Nord kom i økonomiske vanskar i 1930, kjøpte Kambestad seg inn i ekspedisjonsforretninga og dreiv den under namnet R.J. Nord & Co til ut på 1960-talet. Firmaet har seinare gått inn i Inter Com-Terminalen.