Pigghåfiskernes Salslag

Pigghåbåten Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy på veg til kai i Lerwick på Shetland. Foto: J. A. Hughson. © Shetland Museum.

Pigghåbåten Nybakk frå Raudeberg i Vågsøy på veg til kai i Lerwick på Shetland. Foto: J. A. Hughson. © Shetland Museum.

Det første pionérfisket etter pigghå vart starta ved Kristiansund på 1920-talet.

Dei første åra vart denne fisken berre levert til fiskemjølindustrien. Det var først då fiskarar og eksportørar frå Måløy engasjerte seg i pigghåfisket frå 1927 på Aktivneset vest for Stad at den vart eksportert som matfisk til Storbritannia og Mellom-Europa.

Ekspertar på pigghå

Måløyværingane vart etter kvart ekspertar på handtering av denne lett bedervelege haifisken, og alt på 1930-talet var pigghåfisket ein berebjelke under fiskeribyen Måløy, med ein eksport på fleire hundre tonn i året. I 1936 reiste Måløy-båten «Valder» med brørne Alf, Fridtjof og Olav Vetvik på prøvefiske etter pigghå ved Shetland og kom tilbake med god fangst, og heilt fram til pigghåfisket tok slutt kring 1980 var bankane kring dei skotske øyane dei viktigaste fiskefelta for pigghåflåten.

MK Bueland på håbrandfiske. © Fylkesarkivet.

MK Bueland på håbrandfiske. © Fylkesarkivet.

Fekk ikkje einerett

I 1935 freista pigghåfiskararane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal å få eineretten til førsteomsetning av all oppfiska pigghå ved å skipe Pigghåfiskernes Salslag. Dei ville såleis kopiere håbrandfiskarane sin suksess frå året før, då deira nyskipa Håbrandfiskernes Salslag fekk tildelt eineretten til all førstehandsomsetning av håbrand på Vestlandet.

Men denne gongen ville ikkje Fiskeridirektøren gje løyve til eit slikt monopol, og Pigghåfiskernes Salslag vart lagt ned. I staden innførte Fiskeridirektøren eksportkvotar for å løyse dei akutte omsetningsproblema og prisfallet som pigghåfiskarane sleit med på denne tida.

Telavågbåtane

Etter krigen fekk folket i Telavåg på Sotra ei spesiell hjelp frå Staten til å gjenreise det vesle fiskeværet som nazistane hadde brent og rasert i 1942: Regjeringa fekk bygd ei mengd 50-fots fiskeskøyter som dei gav til Telavåg-folket vederlagsfritt. Men det krigsråka Telavåg som hadde mist så mange menn i tyske konsentrasjonsleiarar, var ikkje budd på å kunne utnytte ei slik gåve fullt ut. Difor vart ein stor del av denne fiskeflåten leigd ut og seinare kjøpt av måløyværingar og sett inn i pigghåfisket. Kjende pigghåbåtar som «Kletten» og «Steggsund» var såkalla «Telavågbåtar».